Samfunnsstraff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Samfunnsstraff (eller samfunnsteneste som det heitte før 2002) er ei form for straff som ein kan dømmast til i staden for fengsel når fengsel ikkje er naudsynt. Samfunnsstraff inneber at den dømte må avtene eit visst tal timar for samfunnet. Straffa kan gå ut på (ulønna) samfunnsteneleg arbeidsteneste, deltaking i eit program eller andre tiltak som kan verke mot ny kriminalitet. Dei lokale friomsorgskontora skal sjå til at samfunnsstraffa vert gjennomført som ho skal.

Vilkår[endre | endre wikiteksten]

For at nokon skal kunne dømast til samfunnsstraff i Noreg må det galne som er gjort, ikkje kunne føra til strengare straff enn eitt år, og det må ikkje finnast noko som kan tale imot at straffa vert gjennomført i fridom. Vidare må lovbrytaren vera samd i domen og ha bustad i Noreg. Ramma for samfunnsstraff og subsidiær fengselsstraff skal stå i domen, ho kan vere frå 30 til 420 timar. Om den dømde bryt vilkåra for samfunnsstraff eller gjer nye lovbrot, kan retten ved ny dom avgjere at domen skal sonast som fengselsstraff.

Den dømde må møte til fastsatt tid og sted og ikkje vere påverka av berusande eller bedøvandede middel. Det må gjes naudsynte opplysninger som er viktige for gjennomføringa av straffen til friomsorgen. Dei vilkåra som retten har avgjort, må haldast. Det er òg eit krav at den dømde som avtener samfunnsstraff må opphalde seg i Noreg.

Den som avtener samfunnsstraff må ikkje true tryggleiken til andre personar som deltek eller påverke miljøet på ein særleg negativ måte. Det må ikkje gjerast nye lovbrot i tida for gjennomføring.

Domstolane i Noreg dømer stadig oftere samfunnsstraff for mindre alvorlege lovbrot. Det vert lagt avgjerande vekt på korleis retten trur straffa vil verke på den dømde og til dømes om den dømde er ung eller under rehabilitering. Dei seinare åra har Høgsterett i fleire prinsippavgjerder dømt samfunnstraff der det tidlegare ville vore dømt fengsel.[1]

Innhaldet i samfunnsstraff[endre | endre wikiteksten]

Innhaldet i samfunnsstraff kan delast i to hovudgrupper: samfunnsnyttig teneste og programverksemd.

  • Samfunnsnyttig teneste vil vere å utføre eit stykke arbeid for ei offentleg bedrift eller offentleg støtta bedrift, frivillig lag eller organisasjon. Det kan ikkje utførast arbeid for ei bedrift som har som føremon å tene pengar (komersiell). Typiske samarbeidspartnarar her har vore Kirkens bymisjon, Fretex, idrettslag, Den Norske Turistforening og mange fleire.
  • Programverksemd kan vere alle former for kurs i regi av friomsorga eller deira samarbeidspartnarar som t.d. konfliktråd (Kurs i konflikthandsaming, sinnemeistring og «brotts-brytet» er nokre døme). Målet med programverksemda er å arbeide på ein så presis måte som råd med dei problema som førte til lovbrotet. Denne programverksemda byggjer i regelen på kognitive modellar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]