Dome C

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 75°06′S 123°21′E
Dome C
iskalott
AntarcticaDomeCSnow.jpg
Dome C
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Det antarktiske platået
 - høgd 3 233 moh.
 - koordinatar 75°06′S 123°21′E
Administrert under Antarktistraktaten
Dome C is located in Antarktis
Dome C (Antarktis)
Wikimedia Commons: Dome C

Dome C, òg kalla Dome Circe eller Dome Charlie i Antarktis har ei høgd på 3233 moh og er ein av fleire høgdedrag eller «domar» på den antarktiske innlandsisen. Dome C ligg ved Det antarktiske platået, 1100 km innover frå den fransk forskingsstasjonen ved Dumont D'Urville, 1100 km innover frå den australske Casey-stasjonen og 1200 km innover frå den italiensk Zucchelli-stasjonen ved Terra Nova Bay. Den russiske Vostok-stasjonen ligg 560 km unna. På Dome C ligg Concordia forskingsstasjon, som vert driven i lag av Frankrike og Italia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1970-åra vart det gjort iskjerneboringar på Dome C av ei gruppe forskarar frå fleire nasjonar. Domen vart då kalla Dome Charlie, som er NATO-koden for bokstaven C, av U.S. Naval Support Force i Antarktis, og skvadronen deira VXE-6, assisterte feltgruppene i området. I januar og november 1975 vart tre LC-130 Hercules-fly hardt skadde under forsøk på å ta av frå Dome Charlie. I november 1975 og november 1976 oppretta U.S. Navy feltleirar på Dome Charlie for å berge flya. Flya vart reparerte på staden og tre LC-130 vart flydde til McMurdo-basen den 26. desember 1975, 14. januar 1976 og 25. desember 1976.

Frå november 1977 til mars 1978 slo ei fransk gruppe på 13 mann seg ned i den eksisterande leiren til amerikanarane. dei følrte inn fleire tonn med utstyr, med hjelp frå VXE-6-flya, og sette i gang med den planlagt isboringa med til 980 m under overflata. Isen vart seinare studert i laboratorium og prøvane viste seg å vere 45 000 til 50 000 år gamle.

I løpet av sommaren 1979 vart leiren busett av amerikanske og franske forskarar under US Antarctic Research Program, sponsa av National Science Foundation. Det vart utført meteorlogiske og seismiske undersøkingar og djupkjerneboringar. Leiren som hadde opp mot 18 innbyggjarar om sommaren, vart driven og vedlikehalden av fire tilsette i ITT Antarctic Services og ein lege frå US Navy. Då leiren vart stengd ned for sesongen kring januar 1980, var han stort sett intakt, med ein radioisotopdriven vêrstasjon framleis i drift.

I 1992 valte Frankrike å bygje ein ny stasjon på det antarktiske platået. Italia vart seinare med på prosjektet. I 1996 oppretta eit fransk-italiensk lag ein sommarleir på Dome C. Hovudføremålet med leieren var å gje logistisk assistanse for Det europeiske iskjerneprosjektet i Antarktis (EPICA) og bygginga av ein permanent forskingsstasjon. Det nye heilårlege anlegget, Concordia-stasjonen, vart operasjonell i 2005.

Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) reknar «Dome Charlie» som det offisielle namnet, og «Dome C» som meir uformelt.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Dome C er ein av dei kaldaste stadane på jorda. Temperaturane går sjeldan over 25 ºC på sommaren og kan om vinteren gå under -80 ºC. Den årlege middeltemperaturen er -54,5 ºC. Fukta er òg låg og det fell særs lite nedbør gjennom året.

Dome C har ikkje dei katabatiske vindane som er typisk for kystområda i Antarktis fordi det er høgtliggande og ligg relativt langt frå kanten av Det antarktiske platået. Typisk vindstyrke på vinteren er 2,8 m/s.

Dome C ligg på toppen av Det antarktiske platået, den største ørkenen i verda. Det lever ingen dyr eller planter i ein avstand på meir enn nokre få hundre meter inn frå Sørishavet. Det er likevel observert joar over stasjonen, 1200 km frå den næraste matkjelda. Ein trur at desse fuglane har lært å krysse kontinentet i staden for å fly kring det.

Astronomisk observatorium[endre | endre wikiteksten]

Dome C har særs gode tilhøve for eit astronomisk observatorium. Den klåre lufta over Antarktis gjer at ein kan sjå stjerner, sjølv når sola er opp til 38 ºC opp på himmelen. Dette kjem av særs liten varmestråling frå skyer, særs låg fukt, skyfri himmel det meste av tida, lite aerosolar og støv i lufta og ingen lysforureining anna enn polarlys og månen. Staden vert vurdert for ESO sitt E-ELT-prosjekt (eit teleskop med 30 -60 m spegldiameter). Områda av himmelen som blir dekka er derimot mindre enn lenger nord, sidan nordlege himmellekamar aldri kjem over horisonten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]