Klima i Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royal Society Range sett frå Rosshavet.

Klimaet i Antarktis er prega av kulde meir enn nokon annan stad i verda. Alt bortsett frå 2 % av landmassen på Antarktis er dekt av is, som er opp til 4,8 km tjukk på det meste. Det er så mykje is her at om all isen hadde smelta ville havnivået ha stige med 70 m over heile jorda. Pakkisen doblar om lag breidda av Antarktis om vinteren og våren.

Nesten heile kontinentet ligg sør for den sørlege polarsirkelen, men er langt frå eit symmetrisk landområde. Dei fleste turistane kjem seg berre til Den antarktiske halvøya, eit smalt og vulkansk landområde som strekkjer seg mot Sør-Amerika. Midt på sommaren er temperaturen sjeldan langt frå 0 °C på halvøya, og ein kan ha både episodar med regn og snø. I Drakesundet mellom Antarktis og Sør-Amerika er vêret ustabilt, og ein kan ofte ha både tåke og stormar. Lufta som roterer i høgda over Antarktis, og som er med på å skape ozonholet her, styrer òg lågtrykka som krinsar rundt området der sjø møter is. Særleg om våren og hausten kan kaldluft strøyme frå det indre platået og ut mot lågtrykka til havs. Vinden kan lett nå orkan styrke, og i område der vinden strøymer gjennom smale dalar kan vindstyrken kome opp mot 90 m/s (325 km/t). Uvêr på kysten kan danne kraftige snøstormar med vind av orkan styrke og tornadoliknande kvervlar, som spinn opp i den ustabile lufta under ei kald kjerne i høgda. Luftstraumen ut frå land er òg med på å føre drivisen til sjøs. Dette er med på å føre vekk noko av den lette snøen som fell over innlandet, men som aldri smeltar.

På ei øy utanfor Scottkysten ligg McMurdo- og Scottbasen (Amundsen-Scottbasen ligg på Sørpolen). Her kjem om lag tusen forskarar og andre vitjande kvar sommar, og eit par overvintrar. Basen ligg nær 78 °S, og er den næraste busetjinga til Sørpolen. Sommardagane kan få temperaturar over frysepunktet, men om vinteren er det nesten like kaldt som i indre område.

Det meste av Antarktis ligg på den austlege halvkula, og dannar eit platå der om lag berre forskarar har vore. Sjølv med midnattssol kjem temperaturen her ofte ikkje ein gong i nærleiken av 0 °C. Vostok-stasjonen som ligg her har målt den lågaste temperaturen på jorda nokon sinne med -89,2 °C. Vintertemperaturane svingar ein del, men er sjeldan over -30 °C på det beste, og går under -70 °C på det verste. Det er ikkje nødvendigvis slik at det er kaldast midt på vinteren, og temperaturane forandrar seg lite frå april til september. Klårt og roleg vêr fører som regel til dei lågaste temperaturane. Det skal ofte ikkje mykje vind til for å bryte det tynne inversjonslaget og føre ned luft som er 25 °C varmare. Iskrystallar oppstår stundom i sjølve lufta, i staden for å falle frå himmelen, men sjølv om Antarktis er dekt av snø og is, er kontinentet i praksis ein ørken og somme område har kanskje ikkje hatt nedbør på fleire tusen år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Klima i Antarktis