Dommarfullmektig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein dommarfullmektig er i Danmark og Noreg ein jurist som er mellombels tilsett som dommar.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er ein dommarfullmektig ein mellombels tilsett dommar ved ein tingrett. Stillinga er i prinsippet ei nybyrjarstilling som skal gje røynsle og lærdom, og tilsettingstida er difor som hovudregel avgrensa til to år og skjer på andre vilkår og etter ei anna framgangsmåte enn for ordinære tingrettdommarar. Tilsettingstida kan forlengast, men kan samla ikkje vere på meir enn tre år, jf. domstollova § 55 g. Justisdepartementet kan gje reglar om unnatak frå dette.

Det er sterke avgrensingar for kva ein dommarfullmektig kan gjere utan å få ei særskild fullmakt, jf. domstollova § 23. Men slik fullmakt er så vanleg at alle dommarfullmektigar får dette. Fyrst får dommarfullmektigen ei spesiell, avgrensa fullmakt, seinare ei alminneleg fullmakt, likevel slik at det gjeld somme lovsette avgrensingar for fullmakta. Stort sett har dommarfullmektigane difor dei same oppgåvene som ein tingrettsdommar, då den viktigaste praktiske lovfastsette avgrensinga er at dommarfullmektigar ikkje kan vere dommar i ei straffesak som gjeld ei straffbar handling med ei strafferamme på over 6 år, jf. straffeprosesslova § 276, fjerde ledd.

Praksis i to år som dommarfullmektig stettar krava til å få advokatløyve, jf. domstollova § 220. Praksis i eitt år som dommarfullmektig stettar krava til prosedyrepraksis for å få advokatløyve, jf. advokatforskrifta § 8-1.

Meir detaljerte reglar om tilsetting av dommarfullmektigar, funksjonstid, løn, myndeområde med meire er gjeve i Justisdepartementet sitt Rundskriv G-46/1999

I motsetnad til dommarfullmektigane er tingrettsdommarar fast tilsette embetsmenn ved tingretten, utnemnd av Kongen i statsråd.