Dongguan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
东莞 (Dōngguǎn)
Frå sentrum i Zhangmutuo i Dongguan.
Frå sentrum i Zhangmutuo i Dongguan.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Guangdong
Oppretta 331
Borgarmeister Li Yuquan
Geografi
Flatevidd
 - By

2465 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

6947200[1]
  2614,9/km²
Koordinatar 23°2′″N 113°43′″EKoordinatar: 23°2′″N 113°43′″E
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 523000
Telefon-retningsnummer 769
Bilnummer S
Nettstad: dongguan.gov.cn

Dongguan er eit byprefektur i provinsen Guangdong i Folkerepublikken Kina. Byen ligg på kysten mot Sørkinahavet.

Byen ligg nær Shenzhen og Hongkong og tar del i den sterke økonomiske veksten i området rundt Perlefloda.

Namnet Dongguan kjem frå «guancao», eit grasslag som det er mykje av i området. Historia til Dongguan går tilbake til Zhide-styret under Tang-dynastiet (757). Her står det meir enn tusen år gamle Xichen-tårnet, og her er Ke-hagen som er ein av dei fire vidgjetne hagane i Guangdong-provinsen. Dongguan har og sjøfartsmuseum, Weiyuan-batteriet, og Humenbrua over Perlefloda. Det var ved Humen at keisaren sin kommissær Lin Zexiu brann konfiskert opium i 1839, ei hending som utløyste første opiumskrig.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kart over Perlefloddeltaet, Dongguan i aust.

Dongguan er prega av lettindustri. Dei mange fabrikkane gjer at byprefekturet vert sett som det mest produktive i Kina. Det vert framfor alt produsert elektrisk utstyr, farmasøytiske produkt, matvarer, tekstilar og sko. Dongguan har kring 2000 skofabrikkar; i dei fire produksjonssentra til den største skoprodusenten, Pou Chen, arbeider kring 160 000 arbeidarar (2007).[treng kjelde] Dongguan har også stor dataindustri.

Ut over dette er området rikt på wolfram, tinn og kopar.

Administrative eningar[endre | endre wikiteksten]

Byprefekturet Dongguan er administrativt oppstykka litt annleis enn systemet elles er i Folkerepublikken. Delar av prefekturet femner tre distrikt:

Men byprefekturet styrer også 25 storkommunar som ikkje er organisert i distrikt eller fylke. Dei storkommunane som ligg rett under byprefekturet er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]