Doordarshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Doordarshan Bhawan, Copernicus Marg, Delhi.jpg
Fjernsynssendar i Mysore.

Doordarshan (ofte forkorta DD) er ein statleg kringkastar i India. Doordarshan sender lokale, regionale og riksfemnande program. Kanalane sender nyhende, faktaprogram, kultur, dramaseriar og filmar. Ut frå studio- og sendarkapasitet er han ein av dei største kringkastarane i verda. Over 90 % av indarar kan ta inn Doordarshan.

Doordarshan er ein del av Prasar Bharati som også styrer All India Radio. Prøvesendingar starta i Delhi 15. september 1959. Frå 1965 hadde Doordarshan faste fjernsynssendingar. Først i 1972 blei sendingane utvida til Bombay (no Mumbai), Amritsar og deretter andre byar. Fjernsynsdelen blei skild frå radiodelen av kringkastingsorganisasjonen i 1976.

Doordarshan blei ein eigen nasjonal kringkastar i 1982. Dette året blei også farge-tv introdusert i India med ein tale halden på sjølvstendedagen av statsminister Indira Gandhi. I 1984 opna ein den andre fjernsynskanalen i landet, DD 2. Det finst no fleire lokale og spesialisert DD-kanalar, og kringkastaren står til saman for eit tjuetals kanalar.

Fram til 1991 var Doordarshan det einaste selskapet som sende fjernsyn i India. Deretter opna reformar for kabelfjernsyn, og indarar kunne dermed også sjå utanlandske og indiske private kanalar. Doordarshan er likevel den einaste kringkastaren med over 1 400 bakkesendarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«About DD», ddindia.gov.in