Dorg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dorg er ein fiskereiskap som vert slepa etter båten i sakte fart. Ei dorg består av ein fortaum, med ei søkkje på enden. Mot enden av snøret, framom søkkja, er det festa fleire korte korte snøre med onglar, ofte med gummimark. Dorg vert mytta for feire fisketypar, som sei, makrell, etc. Tidlegare var det vanleg å ro med dorg, men i dag er vert det ofte nytta påhengsmotor. Ein regulerer kor djupt reiskapet går med massen på søkkja og farten på båten.

Runddorg er ein variant der snøret er knytt saman slit at det formar ei uendeleg sløyfe, og med onglar langs heile snøret. Snøret går gjennom eit røyr som ligg på tvers av båten, slik at når ein dreg inn snøret går det gjennom røyret og ut att på andre sida av båten. Når det er mykje fisk vert snøret kontinuerleg drege inn og fisken fjerna.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.