Dorogobuzj
| Dorogobuzj | |||
| Дорогобуж | |||
| by | |||
Dorogobuzj med elva Dnper i bakgrunnen. | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Smolensk oblast | ||
| Areal | 10 km² | ||
| Folketal | 8 962 (1. januar 2025)[1] | ||
| Først nemnd i | 1150 | ||
| Retningsnummer | +7 48144 | ||
| Bilnummer | 67 | ||
![]() Dorogobuzj 54°55′12″N 33°18′28″E / 54.92°N 33.307777777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Dorogobuzh | |||
Dorogobuzj (russisk Дорогобуж, polsk Dorohobuż) er ein historisk by i Smolensk oblast i Russland med om lag 9 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Dnepr, 85 km aust for Smolensk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Byen oppstod før den mongolske invasjonen av Russland som ei festning for å forsvare Smolensk mot åtak frå aust. I 1508 sende Vasilij III italienske meisterhandverkarar dit for å bygge eit trefort på staden. Byen vart plyndra under urotida og folkesetanden vart redusert til berre ti mann i 1614. Mellom 1611 og 1668 høyrte byen til det polsk-litauiske samveldet. Byen har seinare overlevd andre invasjoner og fleire brannar.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Stadane av størst historisk interesse ligg utanfor sjølve byen. Aleksino-godset frå 1700-talet var kjend for oppdrett av Orlov-hingstar. Boldinklosteret frå 1400-talet vart renovert av Godunovfamilien på slutten av 1500-talet. Godunovene førte opp ein femkupla katedral, eit refektorium med spir og eit søyleliknande klokketårn på staden. I følgje Peter Baranovskij representerte klosteret det best bevarte 1500-tals klosterkomplekset i Aust-Europa. Klosteret vart sprengd under tilbaketrekkinga til tyskarane i 1943, men er vorte delvis gjenoppbygd på 1990-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26 April 2026
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
