Smolensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smolensk
Смоленск
Smolensk i 1912
Smolensk i 1912
Flagget til Smolensk Byvåpenet til Smolensk
Flagget til Smolensk Byvåpenet til Smolensk


Plassering
Smolensk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Smolensk
Første gong nemnd i 863
Borgarmeister Vladislav Khaletskij
Geografi
Flatevidd
 - By

166,3 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

317 700
  1 910,4 /km²
Koordinatar 54°47′0″N 32°03′0″EKoordinatar: 54°47′0″N 32°03′0″E
Høgd over havet 242 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 214000–214040
Retningsnummer (tlf) (+7)4812
Nettstad: www.admcity.smolensk.ru

Smolensk (russisk Смоленск) er ein by i Russland, og hovudstad i Smolensk oblast. Byen har tittelen helteby. Han ligg om lag 420 kilometer vest for Moskva, ved elva Dnepr. Han ligg strategisk viktig til på vegen mellom Moskva og Kviterussland, Baltikum og Sentral- og Vest-Europa. Folketalet er om lag 315 000. Byen strekkjer seg 25 kilometer frå vest til aust, og 15 kilometer frå nord til sør. Borgarmeisteren heiter Vladislav Khaletskij (sidan 11. mars 2003).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Uspenskij-katedralen i Smolensk
Fyrstedømet Smolensk i Kiev-riket på 1000-talet

Smolensk er ein av dei eldste byane i Russland. Han vart først nemnd i 863, to år etter det gamle Russland vart grunnlagd. Smolensk var hovudstad for dei slaviske krivitsjane i 882 då Oleg av Novgorod tok byen på veg frå Novgorod til Kiev.

Den første utanlandske forfattaren som nemnde byen var keisar Constantine Porphyrogenitus. I De Administrando Imperio (om lag 950) skildra han Smolensk som ein nøkkelstasjon langs vegen frå varangarane til grekarane. Russarane segla frå Baltikum og opp Daugava så langt dei kunne, og drog så båtane over land til øvre delar av Dnepr. Det var visstnok i Smolensk at dei reparerte skadar og lekkasjar som båtane hadde fått då dei vart dradd over land. For dette nytta dei tjøre. Tjøre på russisk er smola, og dette kan ha gjeve namn til byen.

Fyrstedømet Smolensk vart grunnlagd i 1054, og sidan byen låg midt i dei russiske landområda utvikla han seg raskt. Mot slutten av 1100-talet var fyrstedømet eit av dei sterkaste i Aust-Europa, slik at Smolensk-dynastiet ofte kontrollerte trona til Kiev-riket. Fleire kyrkjer vart bygd i byen på denne tida, mellom anna St. Peter og Paulus-kyrkja (1146, rekonstruert etter andre verdskrigen) og Johannes Døyparen-kyrkja (1180, òg delvis gjenoppbygd). Den mest merkverdige kyrkja i byn er Svirskaja (1197, står framleis). Då ho vart bygd vart ho rekna som den vakraste bygningen aust for Kiev.

Mellom Russland, Litauen og Polen[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om han vart spart av dei mongolske styrkane i 1240, betalte Smolensk skatt til Den gyldne horden, og han vart etter kvart ei brikke i den lange striden mellom Litauen og Storfyrstedømet Moskva. Den siste monarken frå Smolensk var Georg av Smolensk og under hans katastrofale styre vart byen erobra av Vytautas frå Litauen tre gonge, i 1395, 1404 og 1408. Etter byen vart innlemma i Storhertugdømet Litauen flytta nokre bojarar frå Smolensk til Vilnius. Etterkomarar av dei regjerande fyrstane flykta til Moskva.

Med fleire ti tusen innbyggjarar var Smolensk truleg den største byen i Litauen på 1400-talet. Tre regiment i Smolensk viste seg å verte avgjerande i slaget ved Grunwald mot Den tyske riddarordenen. Det var eit stort nederlag for Litauen då byen vart erobra av Vasilij III av Russland i 1514. Til minne om denne hendinga grunnla tsaren Novodevitsjij kloster i Moskva og tileigna det til ikonet av Vår frue av Smolensk.

Relieff av Smolensk (av polske styrkar), under den polsk-moskovittiske krigen 1605-1618 av Juliusz Kossak; eit måleri som viser det polske synet på historia til byen

For å stå imot framtidige polsk-litauiske åtak frå bygde Boris Godunov kraftige festningsverk i byen. Ein kreml av stein vart bygd 1597–1602 og er det største i Russland. Det har særs tjukke murar og mange vakttårn. Den kraftige festninga hindra likevel ikkje at Det polsk-litauiske samveldet tok byen i 1611 etter ei 20 månader lang omleiring under problemtida og dimitriadane. Det svekka Moskva avstod Smolensk til Samveldet i Deulino-traktaten og dei neste 43 åra var han hovudstad i Smolensk voivodskap.

For å gjenerobre byen starta Moskva den såkalla «Smolenskkrigen» mot Samveldet i 1632. Etter eit stort nederlag for kong Wladislaw IV vart byen verande på polsk-litauiske hender. I 1632 bygde Uniate-biskopen Lew Kreuza ein bustad i Smolensk. Denne vart seinare omgjort til den ortodokse kyrkja St. Barbara. Striden heldt fram i 1654 då Samveldet vart skaka av opprøret til dei ukrainske kosakkane og svensk invasjon. Etter ei ny omleiring den 23. september 1654 vart Smolensk gjenerobra av Russland sidan den polske garnisonen forlet byen. I 1667 gav Det polsk-litauiske samveldet opp kravet på Smolensk med Andrusovo-traktaten.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Ørnemonumnent i Smolensk, til minne om den russiske sigeren over Napoleon

Smolensk har vore ein spesiell stad for russarane av fleire årsaker, ikkje minst fordi den lokale katedralen husar ein av dei mest æra ortodokse ikona, tileigna apostelen Lukas. Bygginga av den nye Uspenskij-katedralen var eit prestisjeprosjekt som tok over hundre år og fullføre. Trass i at byen sakte, men sikkert hamna i den økonomiske bakevja, vart Smolensk stadig rekna som ei viktig festning langs vegen til Moskva. Han vart hovudstad av ein gubernija i 1708.

I august 1812 møtte dei to største armeane som nokon har vore i strid kvarandre i Smolensk. Under det langvarige slaget, skildra av Lev Tolstoj i Krig og fred gjekk Napoleon inn i byen. Det totale tapet er estimert til 30 000 mann.

Like etter oktoberrevolusjonenKviterussland framleis var okkupert av tyske styrkar, vart Smolensk eit senter for kviterussisk politikk, sjølv om han administrativt var ein del av Russland. I 1918 erklærte dei tyske okkupasjonsstyrkane Smolensk gubernija ein del av Folkerepublikken Kviterussland, som berre vart mindre enn eit år. Den 2. januar 1919 vart Den kviterussiske sovjetiske sosialistrepublikken erklært i Smolensk, men styret av området vart flytta til Minsk så snart dei polske styrkane hadde vorte drive ut av den kviterussiske hovudstaden nokre månader seinare.

Smolensk jernbanestasjon

Under den andre verdskrigen var Smolensk åstad for eit nytt storslag, slaget ved Smolensk i 1941. Den første sovjetiske motoffensiven mot den tyske armeen starta her i august 1941. Over 93 % av byen vart øydelagd under kampane. Det gamle ikonet var tapt for alltid. Etter krigen vart byen erklært helteby.

Etter tyskarane erobra byen i 1941 fann dei intakte arkiv frå Smolensk oblast kommunistkomite, dei såkalla Smolenskarkivet. Arkivet vart flytta til Tyskland og seinare hamna ein stor del av det i USA, som gav vestlege spesialistar unik informasjon om det lokale arbeidet til dei sovjetiske styresmaktene dei første to tiåra. Arkiva vart returnert til Russland av USA i 2002.[1][2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Smolensk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smolenskarkiva på volgagermans.net
  2. Smolenskarkiva på archives.gov