Hopp til innhald

Velizj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velizj
Велиж
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Smolensk oblast
Areal 32 km²
Folketal 6 005 (2024)
Grunnlagd 1536
   Bystatus 1776
Retningsnummer +7 48132
Kart
Velizj
55°36′N 31°12′E / 55.6°N 31.2°E / 55.6; 31.2
Wikimedia Commons: Velizh

Velizj (russisk Велиж) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 6 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre breidda av elva Daugava, 110 km nordvest for Smolensk.

På slutten av 1300-talet var byen ei grensefestning for Storhertugdømet Litauen. Russarane tok byen tilbake i 1536, men han hamna igjen under Litauen etter urotida i Russland. Byen vart returnert til Russland under den første delinga av Polen. Store delar av byen vart øydelagd under den andre verdskrigen.

Husa til geografen Nikolaj Przjevalskij og generalen Aleksandr Rodzjanko i nærleiken av Velizj er opna for ålmenta som museum.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Velizj