Hopp til innhald

Dos Hermanas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dos Hermanas
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Andalucía
Provins Sevilla
Høgd 42 m
Areal 160,52 km²
Folketal 142 519 (2025)
Grunnlagd 1248
Postnummer 41700–41705 og 41089
Kart
Dos Hermanas
37°17′01″N 5°55′20″W / 37.283611111111°N 5.9222222222222°W / 37.283611111111; -5.9222222222222
Wikimedia Commons: Dos Hermanas

Dos Hermanas er ein by i Andalucía i Spania som ligg 15 km sør for Sevilla. Byen har kring 140 000 innbyggjarar.

Namnet på byen tyder «to systrer». Dos Hermanas vart grunnlagd i 1248 av kong Ferdinand III av Castilla til ære for systrene til Gonzalo Nazareno, ein av dei viktigaste kommandantane til kongen. På grunn av dette vert innbyggjarane i Dos Hermanas kalla nazarenos/as.

Rådhuset i Dos Hermanas.

Hovudnæringa i byen er i dag produksjon og distribusjon av olivenolje og «spanske oliven», samt fleire tenesteytande næringar.

Medlemmer av den spanske musikkgruppa Los del Río, best kjend for hitsingelen «Macarena», er frå Dos Hermanas og bur her framleis.

Det står ei 232 meter høg, kraftig radiomast like sør for byen.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Dos Hermanas