Douglas Fairbanks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Douglas Fairbanks
Douglas Fairbanks cropped.jpg
Fødenamn Douglas Elton Thomas Ullman
Fødd 23. mai 1883
Denver
Død

12. desember 1939
Santa Monica

Douglas Fairbanks sr. (23. mai 188312. desember 1939) var ein amerikansk skodespelar, filmforfattar, regissør og filmprodusent, og som er kjend for fartsfylte, atletiske roller i stumfilmer som «The Mark of Zorro» (Zorros merke) (1920), The Three Musketeers (De tre musketerer) (1921), Robin Hood (1922), The Thief of Bagdad (Tyven i Bagdad) (1924) og The Black Pirate (Den sorte pirat) (1926). Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Douglas vart fødd som Douglas Elton Thomas Ullman i Denver i Colorado. Han var son av Hezekiah Charles Ullman (fødd 1833) og Ella Adelaide Marsh (fødd 1850), halvbror av John Fairbanks (fødd 1873) og bror av Robert Payne Ullman (1882–1948).

Fairbanks var gift med Anna Beth Sully og seinare med skodespelaren Mary Pickford (1892–1979). Sonen hans frå det første ekteskapet, Douglas Fairbanks jr. (1909–2000), var òg skodespelar.

Det amerikanske filmstjerneparet Douglas Fairbanks (til venstre) og Mary Pickford i Oslo sommaren 1924.
Foto: Narve Skarpmoen/Nasjonalbibliotekets bildesamling

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]