Mary Pickford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mary Pickford
Mary Pickford cph.3c17995u.jpg
Fødd8. april 1892
FødestadToronto
Død29. mai 1979
DødsstadSanta Monica
FødenamnGladys Louise Smith
AliasMary Pickford
Aktive år1909–1979
Verka somfilmprodusent, filmskodespelar, filmregissør, manusforfattar, skribent, teaterskodespelar, skodespelar
MorCharlotte Hennessy
EktefelleOwen Moore, Douglas Fairbanks, Charles "Buddy" Rogers
PrisarOscar for beste kvinnelige hovedrolle, Æres-Oscar, Canada’s Walk of Fame

Mary Pickford (8. april 189229. mai 1979) var ein kanadisk-amerikansk skodespelar, filmprodusent og manusforfattar.

Pickford grunnla filmselskapet United Artists i 1919, saman med Douglas Fairbanks, Charlie Chaplin og D.W. Griffith. Ho var gift med Fairbanks frå 1920 til 1936. I 1927 var Pickford òg med på å grunnleggja Academy of Motion Picture Arts and Sciences.

Pickford var kjent for slangekrøllane sina, men i 1928 følgde ho moten og klippa dei av, noko som fekk amerikanske aviser til å skriva at tida for uskul var forbi.

Pickford vann Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolletolkinga si i dramafilmen Coquette (1929). Ho trekte seg tilbake som skodespelar i 1933. Pickford fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 1960 og vart tildelt ein æres-Oscar i 1976. I 1999 vart ho kåra til den 24. største kvinnelege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.

Det amerikanske filmstjerneparet Douglas Fairbanks (til venstre) og Mary Pickford i Oslo sommaren 1924.
Foto: Narve Skarpmoen/Nasjonalbibliotekets bildesamling

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!