Douglas Wakiihuri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Douglas Wakiihuri

Douglas Wakiihuri, Samuel Wanjiru and Raila Odinga.jpg

Statsborgarskap Kenya
Fødd 26. september 1963
Mombasa
Idrett friidrett
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar

Douglas Wakiihuri (fødd 26. september 1963) er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar frå Mombasa som i 1987 vart verdsmeister i maratonløping.

Wakiihuri sprang inn til gullmedalje i maraton ved verdsmeisterskapen 1987 i Roma, med god margin til dei andre medaljvinnarane, Hussein Ahmed Salah frå Djibouti og Gelindo Bordin frå Italia. Dei same tre løparane tok seg også av medaljefordelinga på distansen under sommarleikane 1988 i Seoul. I den sørkoreanske hovudstaden sigra Bordin med 15 sekundar til gode på Wakiihuri og 27 til Salah.

Våren 1989 vann Wakiihuri London maraton på tida 2.09.03, hans bestetid nokon gong. Året etter vart han fyrstemann på distansen både ved samveldeleikane i Auckland og i New York maraton.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]