Drøvel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Drøvelen er merkt som uvula i biletet

Drøvel er ein muskeltapp som heng ned frå ganeseglet lengst bak i munnhola. Muskelen i drøvelen (musculus uvulae) kan gjera han breiare og kortare, og verka saman med ganeseglet for å lukka den bakre naseopningen under svelging.[1]

I tillegg til muskelvev inneheld drøvelen også bindevev og ei rekkje kjertlar som produserer tyntflytande spytt.[2]

Drøvelen kan også vera ein artikulasjonsstad for visse dorsale språklydar,[3] som skarre-r og stemd uvular frikativ (ʁ).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (20. juni 2018). «Drøvelen». Store medisinske leksikon. Henta 24. september 2018. 
  2. Back, GW; Nadig, S; Uppal, S; Coatesworth, AP (December 2004). «Why do we have a uvula?: literature review and a new theory.». Clinical otolaryngology and allied sciences 29 (6): 689–93. PMID 15533161. doi:10.1111/j.1365-2273.2004.00886.x. 
  3. «Dorsal: språkvitenskap». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 24. september 2018. 
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.