Drammen Kunstforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Drammen Kunstforening er ei medlemsforeining skipa 18. mai 1867 i Drammen. Embets- og tenestemenn i byen stod bak, og førebiletet var kunstforeininga i Christiania. Gassverkstyrar Geelmuyden vart den fyrste formannen i foreininga.

Kunstforeininga, som er mellom dei eldste i sitt slag i landet, har som føremål å gjere det mogeleg for innbyggjarane i Drammen å verte kjend med biletkunsten, og er opa for alle som er interessert i biletkunst innanfor ein kvar teknikk og kunstretning.

Drammen Kunstforening vart i 1996 konsolidert med Drammens Museum for kunst og kulturhistorie, fylkesmuseum og galleri for Buskerud. Kunstforeiningas Det Faste Galleri med ei samling på 530 verk som var bygd opp ved innkjøp, donasjonar frå privatpersonar og middel frå Norsk kulturråd, vart då ein part av stiftinga Drammens Museum. Samlinga er hovudsakleg sett saman av verk av norske kunstnarar, mellom anna ei unik samling av målarstykke av Hans Heyerdahl, og femner om både eldre kunst og moderne uttrykksformer. Det Faste Galleri har no tilhald i bygningen Lychepaviljongen på Drammens Museums område på Marienlyst i Drammen. Her syner Drammens Museum òg fram skiftande utstillingar, og Drammen Kunstforening er ansvarleg for éi av desse kvart år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]