Drin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drin
elv
Drin og Buna flyt saman.
Land  Albania
Lengd 335 km
Kjelde Ved Kukës der Kvite Drin og Svarte Drin flyt saman
Munning I elva Buna og i Adriahavet
Kart
Drin
42°02′17″N 19°29′03″E / 42.03805556°N 19.48416667°E / 42.03805556; 19.48416667
Wikimedia Commons: River Drin

Drin (makedonsk og serbisk Дрим/Drim) er den lengste elva i Albania med ei total lengd på 335 km. Ho har to munningar, ein i elva Buna og ein i Adriahavet

Utspring[endre | endre wikiteksten]

Drin startar i byen Kukës i Tektan-regionen der Svarte Drin og Kvite Drin flyt saman. Frå her til munningen ved Adriahavet er elva 160 km lang, men om ein tar med lengda til Kvite Drin, vert ho 335 km og den lengste elva som renn gjennom Albania. Svarte Drin (Crn Drim på makedonsk, Drini i Zi på albansk) har sitt utspring i Ohridsjøen og renn gjennom Republikken Makedonia og Albania. Kvite Drin (Beli Drim på serbisk, Drini i Bardhë på albansk) har sitt utspring ved fjellet Žljeb (Metohija-regionen i Kosovo i Serbia, nord for byen Peć), og strøymer frå der og gjennom Albania.

Den kunstige innsjøen Koman fyller opp dei smale kløftene Drin renn gjennom i Nord-Albania

Elveløp[endre | endre wikiteksten]

Frå Kukës, renn Drin gjennom dei nordlege områda av Albania, først gjennom Has-området i nord, så gjennom byane Spas, Msi og Fierzë, før ho når Dukagjini-området. Frå her strøymer ho sørover gjennom Apripë e Gurit, Toplanë, Dushman, Koman, Vjerdhë og Pale Lalej. Ved Vau i Dejës kjem ho inn på den låge Shkodërsletta og deler seg i to. Den eine delen renn ut i Drinbukta i Adriahavet sørvest for byen Lezhë. Den andre delen renn saman med elva Buna nær Rozafa. Sjølv om denne delen ikkje er lengre enn 15 km vert elva her kalla Store Drin (Drini i Madh på albansk), fordi ho fører med seg mykje meir vatn enn den lengre delen som når havet. Store Drin oppstod i samband med ein stor flaum i 1858, då den braut gjennom landet til Bune. Store Drin er svært brei og fører med seg mykje vatn (320 m³/s), men er kort. Enkelte kart marker denne delen som ein innsjø. Etter Vau i Dejës, held den lengre delen fram sørover, og passerer gjennom Bushat, Mabë, Gajdër, Lezhë og Medes. Sør for Lezha går ho inn i eit lågt og flaumutsett kystområde, og strøymer gjennom myrområdet før ho endeleg når Adriahavet.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Drin er særs viktig for albansk økonomi, særleg i samband med straumproduksjon. Det er bygd tre demningar over vassfalla, som produserer det meste av straumen i Albania. Den kunstige innsjøen Fierza (Albansk: Liqeni i Fierzës), som er danna av ei demning ved Fierzë, er den største kunstige innsjøen i Albania med ei overflate på 73 km². Den nest største innsjøen er òg bygd på denne elva. Vau i Dejës-sjøen (Liqeni i Vau te Dejës på albansk) har eit areal på 25 km². Oppføringa av krafstasjonen Fierza førte til ein strid på 1980-talet. Utan at ein vart einige kommanderte den albanske regjeringa at reservoaret skulle fyllast med vatn, som til slutt oversvømde ein del av grenseområda til Jugoslavia. Den jugoslaviske regjeringa protesterte, men ein kom ikkje fram til noko løysing. I dag er framleis Fierzainnsjøen delt mellom Albania og Serbia.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Drin og fjellområda rundt har ein svært variert flora og fauna. I det siste har fleire fiskeartar frå Nord-Europa, som sandart, kome til i elva, som trugar den naturlege fiskestanden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enckiklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]