Dronningmølle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 56°5′54.496″N 12°23′8.5632″E

Dronningmølle Trinbræt (haldeplass) på Hornbækbanen.

Dronningmølle er eit tettbygd område på nordkysten av Sjælland i Danmark, fire kilometer vest for Hornbæk, seks kilometer aust for Gilleleje og 22 kilometer nord for Hillerød. Området høyrer til Gribskov kommune i Region Hovedstaden etter kommunalreforma frå 2007.

Mykje av Dronningmølle er fritids- og sommarhusområde, til liks med fleire av områda langs nordkysten av Sjælland. I Dronningmøllebukten, som dannar ei slak kurve mellom Hornbæk og Gilleleje, er det lange sandstrender godt egna for bading og strandaktivitetar.

I det vesle, landsbyliknande sentrumet ligg Dronningmølle Trinbræt (jarnbanestasjon) på privatjarnbanen Hornbækbanen (Helsingør-Hornbæk-Gilleleje Banen (HHGB)) mellom Helsingør og Gilleleje. I nærleiken ligg det freda naturområdet Rusland med kunstmuseet Tegners Museum og Statuepark. Sentralt i Dronningmølle ligg Munkeruphus, ei arkitektonisk perle av eit hus som vart bygd i 1916 i amerikanskinspirert colonial style med fasadar i liggande trepanel og eit høgt tak tekka med trespon, teikna av arkitektane Terkel Hjejle og Niels Rosenkjær som landstad for ein sivilingeniør og familien hans. Huset ligg i ein ven park rett attmed stranda og er freda. Det vert no nytta som kunstgalleri med skiftande utstillingar, og som serveringsstad.

Namnet Dronningmølle, dronningas mølle, skriv seg frå ei vassdriven mølle som vart bygd i 1588 på eit areal som dronning Sofie, hustrua til kong Frederik 2, eigde rett attmed utløpet av elva Esrum Å i Dronningmøllebukten. Denne vesle, om lag ei mil lange elva som renn ut frå Esrum Sø, Danmarks mest vassrike, tredje største innsjø, flyt gjennom Dronningmølle utan å gjere mykje av seg.