Hornbæk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fiskarar i Hornbæk på 1880-talet.
Hornbæk med kyrkja, målarstykke frå 1885 av den danske kunstmålaren Karl Madsen.

Hornbæk er eit tettbygd område med hamn, ei tidlegare fiskarlandsby, som ligg på nordkysten av Sjælland i Danmark, i Helsingør kommune i Region Hovedstaden, om lag 12 kilometer nordvest for Helsingør by. Folketalet i Hornbæk er 3.503 (2012). Men då det ligg store sommarhusområde i Hornbæk, og det langs kyststripa ligg store og breie sandstrender som vert flittig nytta av sommargjester og badegjester andre stader frå, er det kvart år om lag 35.000 feriegjester som vitjar Hornbæk. Tidlegare har Hornbæk vore kjent for badehotellet Trouville, som no er vorte bygd om til feriebustader etter ein brann.

Hornbæk har jarnbanehaldeplass for den private jarnbanen Helsingør-Hornbæk-Gilleleje Banen (HHGB), òg kalla Hornbækbanen, som gjev togsamband til byen Helsingør i aust, og via Gilleleje til byen Hillerød.

I sentrum av den eldre parten av den tradisjonelle fiskarlandsbyen ligg Hornbæk kyrkje frå 1737, bygd i kvitkalka teglstein og utan særskild korutbygg, med rundboga vindauge og eit kopar- og blytekka lite tårn, ein såkalla takryttar, plassert midt på mønet. Kyrkja er den tredje på same staden. Granitt-døypefonten er 800 år gamal. Altarbiletet førestillar Jesus og den samaritanske kvinna, og er måla av guldaldermaleren C. W. Eckersberg og hengt på plass i 1838. I kyrkja heng det fire kyrkjeskip (skipsmodellar) som har å gjere med dei såkalla Kaperkrigane mellom Danmark og England i åra 1809 til 1814.

Hornbæk vart på slutten av 1800-talet kjent som eit idyllisk fiskarleie ved å ha vorte skildra og heidra av den namngjetne danske kunstmålaren og diktaren Holger Drachmann (fødd i 1846 i København, død i 1908 i Hornbæk), som vitja Hornbæk i ei årrekkje og gjorde seg gjeldande i det lokale selskapslivet hjå både borgarskap og fiskarar. Mange andre kunstnarar, mellom andre Peder Severin Krøyer, vitja òg Hornbæk i denne tida. Kunstnarane sette særleg pris på det særeigne naturlege ljoset i Hornbæk, og jamvel i dag er Hornbæk eit sentrum for kunstnarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!