Druide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To druidar. Reproduksjon av eit relieff frå 1700-talet.

Druide (frå latin pl. druidae, via fransk og engelsk)[1] var ein religiøs klasse hos fleire folk som tala keltiske språk. Dei var truleg både dommarar, spåmenn og prestar, og klassen kan ha vore delt i underklassar som reine druidar, filid (irsk) sjåarar og bardi (irsk) diktarar. Det er kjelder for at både menn og kvinner på Irland kunne vera druidar, om det same var tilfelle på det europeiske fastlandet veit ein ikkje.

Ein veit lite om druidanes religiøse tru, mellom anna av di det var ein heilt munnleg tradisjon som berre innvigde tok del i. Religionen inneheld likevel ofringar av dyr og menneske, og ein trudde på sjelevandring. Det er ikkje samband til sjamanisme.

Druidane blei utrydda under Romarstyret, mest kjend er massakren på Anglesey i 61. På Irland forsvann dei etter at kristendommen kom.

Ein finn druidisme som ei grein av moderne heidenskap, dette er ei moderne oppfinning.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til ordet er uviss. Det latinske druidae og greske druidai peikar mot ei gallisk rot druvis som aldri er funnen. Det finst fleire hypotesar om galliske og greske røter i ord som tyder eik, skog og vis. Ingen av desse hypotesane har vunne fram.

Det gamalirske ordet drui finn ein ofte omsatt med druide. Dette er ikkje heilt rett, som det moderne irske ordet draoi kan det òg tyde trollmann, sjåar, spåmann. Det gamle ordet kunne også tyde ein med kunnskap, mens det i moderne tid også kan tyde ein som gjer pek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. James MacKillop: Myths & legends of the Celts, Penguin, 2005