Dufttelg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dufttelg
Dufttelg
Dufttelg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Orden: Sisselrotordenen Polypodiales
Underorden: Polypodiineae
Familie: Stortelgfamilien Dryopteridaceae
Underfamilie: Dryopteridoideae
Slekt: Dryopteris
Art: Dufttelg D. fragrans
Vitskapleg namn
Dryopteris fragrans

Dufttelg (Dryopteris fragrans) er ein bregneart innanfor stortelgslekta i stortelgfamilien.

Dufttelg veks i ein relativt tett rosett, og er 10–25 cm høg. Han har svært korte bladstilkar, som er glinsande raudbrune og har skjel. Blada visnar om hausten, men blir sitjande, og tuene består dermed av både friske grøne skot og visna brune blad side om side.

Arten har 2–3 cm slanke, enkelt tagga eller dobbelt heilranda flikete blad. Bladplata er jamnbrei og tett besett med gule kjertelprikkar. Primærflikane har ofte bladkantar som er rulla inn.

Når ein gnir på blada luktar dei tydeleg av fiol. Sporehushopene (sori) er store og sit normalt tett i tett, omtrent dekkande over heile undersida av bladet. Sløret (indusium) over sporehushopen er blankt og gjennomsiktleg.

Dufttelg er ikkje blitt funnen i Noreg, men finst nær grensa i Utsjok i Finland, og kan såleis kanskje opptre i Noreg. Elles finst han sirkumpolart i Nord-Russland, Nord-Asia og Nord-Amerika (òg på Grønland).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]