Dukansjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dukansjøen
دەریاچەی دووکان
vassreservoar
Dukansjøen
Land  Irak
Guvernement Sulaymaniyah guvernement
Tilsig Vesle Zab
Utløp Vesle Zab
Nedslagsfelt 11 700 km²
Koordinatar 36°08′N 44°55′E / 36.133°N 44.917°E / 36.133; 44.917
Areal 270 km²
Grunnlagd 1959
Kart
Dukansjøen
36°08′00″N 44°55′00″E / 36.133333333333°N 44.916666666667°E / 36.133333333333; 44.916666666667
Wikimedia Commons: Lake Dukan

Dukansjøen (sorani دەریاچەی دووکان) er den største innsjøen i Irakisk Kurdistan. Han ligg nær byen Ranya, og er eit vassreservoar i Vesle Zab skapt av Dukan-demninga. Dukan-demninga vart bygd mellom 1954 og 1959 for å lagre vatn til vatning og til å skape vassenergi.[1] Før innsjøen vart fylt vart det utført så mykje arkeologiske undersøkingar som mogeleg. Det vart gjort 40 arkeologiske funn på Ranyasletta med spor frå 5000-talet fvt. og fram til våre dagar. Fem av desse stadane vart grave ut: Tell Bazmusian, ed-Dem, Kamarian, Qarashina og Tell Shemshara. Utgravingane ved Tell Bazmusian avdekte eit tempel datert til 1000-talet fvt.[2] Ved Tell Shemshara vart det grave ut ein landsby frå tidleg på 5000-talet fvt. og eit palass frå tidleg på 1000-talet med eit lite akriv av leirtavler.[3][4] Innbyggjarane i dei kring 50 landsbyane som vart lagt under vatn, kring 1 000–1 200 familiar, vart flytta vest for innsjøen.[5]

Innsjøen dekkjer eit areal på 270 km². Normalt har reservoaret ein kapasitet på 6,8 km³ vatn, men på det meste kan han ta 8,3 km³. Ved denne kapasiteten er overflata 515 meter over havet. For å kunne drive vassenergiverket, må overflata vere mellom 469 og 511 meter over havet. Nedslagsfeltet til Dukansjøen er 11700 km².[5][6][7]

Dukansjøen i 2001.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kliot, Nurit (1994). Water Resources and Conflict in the Middle East. Milton Park: Routledge. ISBN 0-415-09752-5. 
  2. Al-Soof, Behnam Abu (1970). «Mounds in the Rania Plain and excavations at Tell Bazmusian (1956)». Sumer 26: 65–104. ISSN 0081-9271. 
  3. Eidem, Jesper; Læssøe, Jørgen (2001). The Shemshara archives 1. The letters. Historisk-Filosofiske Skrifter 23. Copenhagen: Kongelige Danske videnskabernes selskab. ISBN 87-7876-245-6. 
  4. Mortensen, Peder (1970). Tell Shimshara. The Hassuna period. Historisk-Filosofiske Skrifter 5, 2. Copenhagen: Kongelige Danske videnskabernes selskab. OCLC 562453801. 
  5. 5,0 5,1 Juwaideh, Albertine (1996). «Dukan-demninga». I Simon, Reeva S.; Mattar, Philip; Bulliet, Richard W. Encyclopedia of the modern Middle East. New York: Macmillan Reference. s. 587–588. ISBN 0-02-896011-4. 
  6. Fink, A.K.; Ostrizhnov, I.D. (1984). «Dokan hydroelectric station in Iraq». Power Technology and Engineering 17 (10): 519–522. doi:10.1007/BF01425181. 
  7. Iraqi Ministries of Environment, Water Resources and Municipalities and Public Works (2006). «Annex III: Main water control structures (dams and water diversions) and reservoirs». New Eden Master Plan for integrated water resources management in the marshlands areas. New Eden Group.