Hopp til innhald

Dumbarton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dumbarton
Dùn Breatainn
Dumbartoun / Dumbertan
by
Land  Skottland
Region West Dunbartonshire
Tradisjonelt grevskap Dunbartonshire
Folketal 20 560 (2016)
Postnummer G82
Retningsnummer 0 1389
Kart
Dumbarton
55°56′55″N 4°32′50″W / 55.948611111111°N 4.5472222222222°W / 55.948611111111; -4.5472222222222
Wikimedia Commons: Dumbarton

Dumbarton[a] er ein by i regionen West Dunbartonshire i Skottland. Han har kring 20 000 innbyggjarar og ligg ved nordbreidda av elva Clyde. Byen blir dominert av Dumbarton slott, som ligg på toppen av Dumbarton Rock. Byen var hovudstad i kongedømet Strathclyde i mellomalderen og seinare administrasjonsby for grevskapet Dunbartonshire (opphavleg Dumbartonshire, men dette namnet vart endra).

Dumbarton på andre sida av Clyde.
Foto: Dave Souza

Frå 1975 til 1996 var byen kjernen i distriktet Dumbarton. I 1996 vart området delt mellom regionane West Dunbartonshire og Argyll and Bute. Dumbarton ligg i førstnemnde region, og er administrasjonsby her.

I nyare tid har Dumbarton vore eit sentrum for skipsbygging, men det viktigaste verftet, Denny's Yard, stengte i 1960-åra.

Blant kjende personar frå byen finn ein David Byrne frå Talking Heads og Formel 1-føraren Jackie Stewart.

Fotballklubben Dumbarton FC spelar i den skotske ligaen. Heimebana til lager er Denny Civic Theatre, som òg blir brukt av fleire andre lokale idrettslag.

  1. skotsk-gælisk Dùn Breatainn, skotsk Dumbartoun eller Dumbertan

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dumbarton