West Dunbartonshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
West Dunbartonshire
Geografi
Areal
159 km²
Administrasjonsstad
Dumbarton
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

90 900
571,7 /km²

West Dunbartonshire (låglandsskotsk Wast Dunbartonshire; skotsk-gælisk Siorrachd Dhùn Breatainn an Iar) er ein av 32 regionar i Skottland. Regionen grensar til i vest til City of Glasgow, og fleire av forstadane til Glasgow ligg her. I tillegg grensar han til Argyll and Bute, Stirling, East Dunbartonshire og Renfrewshire.

Regionen vart oppretta i 1996 frå delar av den tidlegare regionen Strathclyde, nemleg distrikta Clydebank og Dumbarton utanom Helensburgh-området. Regionen fekk i det opphavlege lovvedtaket frå 1993 namnet Dumbarton and Clydebank, men dette vart i 1995 endra til West Dunbartonshire.[1]

Regionen består hovudsakleg av tre delar: byane Dumbarton og Clydebank og distriktet Vale of Leven.

Administrasjonsstad i West Dunbartonshire er Dumbarton, men Clydebank er den største byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]