Formel 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Formel 1-feltet kort etter starten i Grand Prix på Indianapolis-bana i USA i 2003

Formel 1, somme gonger forkorta F1, er den øvste klassen i motorsport som vert regulert av Fédération Internationale de l'Automobile (FIA). Med ordet formel meinast at det er eit sett reglar som både bilar og utøvarar må oppfylle.

Kvart år sidan 1950 har verdsmeisterskapen formel 1 gått føre seg ved ei rekkje løp, kalla Grand Prix, på ei rekkje motorbaner rundt om i verda. Unntaket er Monaco Grand Prix og Melbourne Grand Prix som går føre seg på stengde byvegar. Ved slutten av kvart løp vert dei tre beste sjåførane premiert. Poeng vert rekna ut både til dei som køyrer og til bilkonstruktørane.

Når alle løp er køyrde ved slutten av sesongen, vert den utøvaren som har sanka flest poeng kåra som verdsmeister, det same gjeld for bilkonstruktørane. Det er difor stor prestisje blant bilfabrikantar å delta i og vinne formel 1, og sporten er verdas dyraste motorsport.

Formel 1 er ein særs populær sport i fjernsyns-samanheng, og løpa vert sett av mange millionar menneskje i mange land. Bilane konkurrerer i særs høge hastigheiter, ofte over 300 km/t, og førarane vert utsett for store G-krefter i svingane og ved innbremsing. Regelsettet i Formel 1 legg ei rekkje restriksjonar på både bilar og førarar, for å halde dei stadig aukande hastigheitene på eit samtidigt trygt nivå.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bilane[endre | endre wikiteksten]

Brabham-BMW BT 54 frå 1985.

Bilane i Formel 1 er einsetars opne bilar med friliggjande hjul. Føraren av bilen er plassert framføre motoren. Understellet er laga av karbonfiber, som er lett, men samtidigt er det stivt og sterkt. Etter regelverket skal heile bilen, førar, motor og drivstoff inkludert, ikkje vege mindre enn 600 kg. [1]

Tradisjonelt er sporten staden der verdas største bilfabrikantar, som Ferrari og Mercedes, konkurrerer om å utvikla den beste bilen. Ved sida av dei store bilfabrikantane finst det og privateigde lag. Desse laga konstruerer sine eigne bilar, men har som regel motorar levert frå bilfabrikantar. Kjende private lag som har gjort det stort innan F1, er McLaren og Williams.

Motor[endre | endre wikiteksten]

Renault V8 motor frå 2006, om lag 2 400 omdreiningar per minutt.

Spesifikasjonane for motorane har endra seg en god del gjennom åra. Dagens motorar er 2,4 liters V8 motorar, utan turbo. Motorane kan køyrast opp til 19 000 omdreiningar. [2]Frå og med 2009-sesongen er reglane slik at motoren skal halde i tre løp. Byter ein motor før denne tida, må føraren av bilen starte neste løp 10 plassar lenger bak, enn det ein kvalifiserte for. [3] Om motorbyttet skjer etter havari i føregåande løp, vert ein derimot ikkje råka av denne regelen. For å auke halbarheiten til motorane får motorane ikkje gjere meir enn 18 000 omdreiningar.

Bilane i formel 1 får ikkje ha eigne innebygde startsystem, men må startast av utstyr anten i pit-leiren eller ved startoppstillinga.

I dag er det vanleg at fleire lag køyrer med same motor. Ferrari leverer til dømes motorar til både Force India og Toro Rosso i tillegg til seg sjølv. Dette gjer motorleverandørane for å få inn meir data til å utvikle motorane med, men også for å tene pengar. På same tida slepp mindre lag tid og utgifter på utvikle sine eigne motorar

Dekk[endre | endre wikiteksten]

Dekka har stor betydning for farten og køyreeigenskapane til bilen. Dagens dekk i Formel 1 skal ha fire langsgåande striper, i motsetnad til andre racing-klassar, som bruker mønsterlause dekk (såkalla slicks).

I byrjinga var det 4 forskjellige dekkprodusentar som leverte dekk til dei formel 1-laga:Dunlop, Firestone, Pirelli, Englebert. Etterkvart har dekkprodusentar kome til og falle frå. Frå 1999 var Bridgestone og Micheleng dei einaste dekkleverandørane, fram til 2007-sesongen då FIA bestemte at det berre skulle vere ein leverandør til alle laga, for å spare kostnader innan sporten. Dekkleverandørar fekk moglegheita til å søkje om å få levere dekk. Micheleng hadde alt i 2005 bestemt seg å få trekkje seg ut etter 2006-sesongen og leverte såleis ikkje inn noko søknad. Micheleng, som var den andre dåverande dekkleverandøren, søkte og fekk tilslaget og er såleis sidan 2007 åleine om å levere dekk til formel-1 laga.

Dekk frå Bridgestone.
Dekkfabrikant Land Årstal
Avon Storbritannia Storbritannia 1954, 1956-1957, 1959, 1981
Bridgestone Japan Japan 1976-1977, 1997-2008
Continental Tyskland Tyskland 1954-1955, 1958
Dunlop Storbritannia Storbritannia 1950-1970, 1976-1977
Englebert Belgia Belgia 1950-1958
Firestone USA Sambandsstatane 1950-1960, 1966-1974
Goodyear USA Sambandsstatane 1967-1998
Michelin Frankrike Frankrike 1977-1984, 2001-2006
Pirelli Italia Italia 1950-1958, 1981-1986, 1989-1991

Aerodynamikk[endre | endre wikiteksten]

Bilane si evne til å ta svingen vert i stor grad avgjord av det aerodynamiske marktrykket som presser bilen ned mot bana. For å oppnå eit optimalt marktrykk, har bilane vinger framfor framhjula og også bak på bilen.

Utøvarane[endre | endre wikiteksten]

Michael Schumacher vart verdsmeister i formel 1 heile 7 gongar

Formel 1 utøvarar må ha ei veldig god psyke samt ei god helse. Ein må desutan også ha ein superlisens frå FIA for å kunne køyre. FIA gjev ut superlisensar ved etterspørsel. Det er likevell ikkje opp til kven som helst å få ein superlisens. Reglemanget krev at søkaren må anten vere regjerande verdsmeister i ei lågare motorport, til dømes innan Formel 3 eller GP2 Serien (tidlegare kjend som formel 3000) eller fullførd bra jamnt over.

Dessutan kan utøvarar frå Champ Car eller Indy Racing League søkje om superlisens om dei har fullførd som nummer seks eller betre i førarmeisterskapen der. Dette vart gjort mogleg slik at amerikanske motorsportutøvarar kan delta utan å måtte byrje i dei lågare FIA-regulerte klassane.

Berre ved heilt spesielle tilfelle vert ein superlisens gjeve ut utanfor desse kriteria. Dette for å sikre at utøvarar har dei naudsynte ferdigheitene og ikkje er ein fare for andre deltakarar

Dei fleste av utøvarane i formel 1 sluttar rundt midten av 30-åra. Mange vel å fortsetje i motorsportsgreiner som er mindre fysisk utfordrande. Både Gerhard Berger og Alain Prost har etter at utøvarkarrieren tok slutt, returnert til formel 1 som eigarar av sine eigne formel 1-lag.

Løpa[endre | endre wikiteksten]

kart overt Silvertstone bana i England

Eit formel 1 løp, ofte kalla Grand Prix, går føre seg ved å køyre eit visst tal på rundar, som oftast på ei lukka asfaltert bane. Start og mål-linja er ved ei rettstrekning, deretter føl som regel pit-leiren, der bilane stoppar for å fylle meir bensin, skifte dekk og gjere andre justeringar på bilen som kan vere naudsynt. Elles varierer dei ulike banene både i lengda og i utforminga av bana.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]



Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
Italia Ferrari Tyskland BMW Sauber Frankrike Renault Storbritannia Williams Australia Red Bull Japan Toyota Italia Toro Rosso Japan Honda Storbritannia Super Aguri India Force India Storbritannia McLaren
Flag of Finland.svg Räikkönen
Brasil Massa
Tyskland Heidfeld
Flag of Poland.svg Kubica
Spania Alonso
Brasil Piquet
Tyskland Rosberg
Japan Nakajima
Storbritannia Coulthard
10 Australia Webber
11 Italia Trulli
12 Tyskland Glock
14 Frankrike Bourdais
15 Tyskland Vettel
16 Storbritannia Button
17 Brasil Barrichello
18 Japan Sato
19 Storbritannia Davidson
20 Tyskland Sutil
21 Italia Fisichella
22 Storbritannia Hamilton
23 Flag of Finland.svg Kovalainen
Vinnarar av førarmeisterskapen i Formel 1

1950 G. Farina
1951 J. M. Fangio
1952 A. Ascari
1953 A. Ascari
1954 J. M. Fangio
1955 J. M. Fangio
1956 J. M. Fangio
1957 J. M. Fangio
1958 M. Hawthorn
1959 J. Brabham

1960 J. Brabham
1961 P. Hill
1962 G. Hill
1963 J. Clark
1964 J. Surtees
1965 J. Clark
1966 J. Brabham
1967 D. Hulme
1968 G. Hill
1969 J. Stewart

1970 J. Rindt
1971 J. Stewart
1972 E. Fittipaldi
1973 J. Stewart
1974 E. Fittipaldi
1975 N. Lauda
1976 J. Hunt
1977 N. Lauda
1978 M. Andretti
1979 J. Scheckter

1980 A. Jones
1981 N. Piquet
1982 K. Rosberg
1983 N. Piquet
1984 N. Lauda
1985 A. Prost
1986 A. Prost
1987 N. Piquet
1988 A. Senna
1989 A. Prost

1990 A. Senna
1991 A. Senna
1992 N. Mansell
1993 A. Prost
1994 M. Schumacher
1995 M. Schumacher
1996 D. Hill
1997 J. Villeneuve
1998 M. Häkkinen
1999 M. Häkkinen

2000 M. Schumacher
2001 M. Schumacher
2002 M. Schumacher
2003 M. Schumacher
2004 M. Schumacher
2005 F. Alonso
2006 F. Alonso
2007 K. Räikkönen
2008 L. Hamilton