Duskmyrull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Duskull)
Hopp til navigering Hopp til søk
Duskull
Duskull
Duskull
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Storrfamilien Cyperaceae
Slekt: Myrull Eriophorum
Art: Duskull E. angustifolium
Vitskapleg namn
Eriophorum angustifolium

Duskmyrull eller duskull (Eriophorum angustifolium) er ei plante i storrfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 50 cm høg og har krypande jordstengel. Blada er mørkgrøne og renneforma, stråblada er lengre enn stråenden, dei er flate, smalnar øvst til ein trekanta odd. Aksssamlinga har to-tre lange støtteblad. Duskull har flate slette akssskaft og penselforma aks som er breie ved grunnen. Mjølknappen blir minst 2,5 mm lang.

Duskmyrull på Tjörn.

Planta blomstrar kring mai månad i Noreg på myr og våte stader. Ho er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen opp til 1700 m på Hallingskarvet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]