Dvergmåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dvergmåse

Status i verda: LC Livskraftig

I hekkedrakt Foto: Hydrocoloeus minutus
I hekkedrakt
Foto: Hydrocoloeus minutus
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Hydrocoloeus
Art: H. minutus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Little gull
  • Vitskapleg namn
    Hydrocoloeus minutus

    Dvergmåse (Hydrocoloeus minutus) er ein liten måse som hekkar i Nord-Europa og Asia. Slektsnamnet Hydrocoloeus er frå gammalgresk hudro, «vatn» og koloios, ein slags symjefotfugl. Den spesifikke namnedelen minutus er latinsk for «liten».[1]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er den minste måsearten, med ei kroppslengd på 25-30 centimeter, eit vengespenn på 70-78 cm, og ein masse på 88-162 gram.[2] Akkurat som hos fiskemåsen får dvergmåsen hekkedrakt først tredje sommaren (har tre årsklassar). Typisk for hekkedrakta er den svarte hetta, mørk underside av vengene og ofte eit rosa fargeskjær på brystet. I vinterdrakt blir hovudet kvitt bortsett frå ein mørkare heitte og augeflate. Nebbet er tynnt og mørkt raudbrunt, og beina mørk raude, bleikare om vinteren. Flukta er noko terneaktig med snøgge vengeslag. Ungfuglar har svarte markeringar på hovudet og på oversida, svart stjertband og eit «W»-mønster over vengene.[3]

    Desse måsane plukkar mat frå vassoverflata, og vil òg fange insekt i lufta slik som svartternene gjer.

    Hekkeutbreiinga er frå nordlege Sverige, Finland og austover gjennom Russland og Nord-Kasakhstan, og usamanhengande omtrent til Lena-bassenget.[2] Der er hekkande fuglar i Nordaust-Europa, i Noreg er arten ein sjeldan hekkefugl.[3] Fuglar i Eurasia overvintrar langs kystar av Vest-Europa, Middelhavet, Svartehavet og Kaspihavet og langs austkysten av Gulehavet. Det skal òg vere ein liten hekkande bestand i søraustlege Canada som overvintrar på austkysten av USA.[2]

    Dei vanlege habitata for hekking er prega av våtmark eller sumpar ved ferskvatn, her hekkar dvergmåsar i små koloniar. Her byggjer dei fôra reir på bakken blant vegetasjon. Normalt er kullet på to eller tre egg.

    Som tilfellet er med mange måsar, har han tradisjonelt vore plassert i slekta Larus. Han er no den einaste medlemmen i slekta Hydrocoloeus.

    Den globale populasjonen er estimert til 97-270 tusen individ og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 196, 256. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
    2. 2,0 2,1 2,2 Burger, J., Gochfeld, M. & Garcia, E.F.J. (2018) Little Gull (Hydrocoloeus minutus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 7. juli 2018
    3. 3,0 3,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Hydrocoloeus minutus. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. juli 2018

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dvergmåse