Dygdsetikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dygdsetikk eller dydsetikk, er ein normativ personorientert etisk teori som freistar å forklara korleis ein person bør vera og utvikla seg. Eit individ må ha innsikt og utvikla visse dygder (karaktertrekk) for å verta lykkeleg. Målet er at individ skal duga og fungera til det fulle og heile igjennom heile livet. Innanfor dygdsetikken er Sokrates, Platon og Aristoteles sentrale filosofar.

Sokrates[endre | endre wikiteksten]

Moralsk handling[endre | endre wikiteksten]

Ifylgje Sokrates var det gode og det rette er noko allmenngyldig, universelt og objektivt som kan oppfattast av fornufta. Dersom ein hadde innsikt og forståing av allmenngyldige omgrep som «rettferd», «det gode» og «dygd» kunne ein handla rett. Han meinte òg at dygd og viten var det same, og at lykke hengde saman med desse to omgrepa. Sokrates meinte at lykke kom med innsikt i sitt eige liv og sine val. Når ein handlar rett, har ein lykke, dette får ein med innsikt i dersom ein har kunnskap. Viss ein ikkje har kunnskap, kan ein ikkje handla rett, dermed handlar ein berre umoralsk. Dårlege menneske er difor uvitande. Det å verta ein god person er ein intellektuell sannkjenningsprosess. For å handla rett, må ein ha innsikt.

Lykke[endre | endre wikiteksten]

Sokrates meinte lykke var å vera i harmoni med seg sjølv. Lykke handlar om å utvikla dygder (karaktertrekk): dett å leva og gjera vel, og utvikla kroppen sin og sansane sine. Ein er ikkje lykkeleg på bakgrunn av nokre særskilde augeblinkar i livet, men frå eins utvikling igjennom livet sitt, dvs. evna til å fungera til det fulle og heile og utføra arbeid. Eit individ som manglar dygd, kan ikke verta lykkeleg, men et menneske med dygd kan miste sin lykke.

Aristoteles[endre | endre wikiteksten]

Det øvste gode er eudaimonia (lykke). Ei handling er god, dersom ho fremjer menneskeleg lykke. Ein må utvikla eins evner og potensial som menneske for å tilfredsstilla dei kroppslege/fysiske primærbehova. Lykke vert ikkje oppnådd basert på nokre få hendingar, men frå ei samanhengande førestilling av det å realisera eit meiningsfylt menneskeliv. Mennesket er eit fornuftig politisk og sosialt dyr som lever i felleskap. Menneske nyttar si fornuft til å læra av kvarandre, som er ei særmerkt evne samanlikna med andre dyr.

Moralsk handling[endre | endre wikiteksten]

For å vera i harmoni med andre og seg sjølv må ein tileigna seg ei rekkje dygder. Dygd inneber ikkje berre at ein må handla rett, ein må òg ha innsikt i kva som er rett. Ein må kunne grunngjeva eins handlingsval. Individ må utvikla både intellektuelle og moralske dygder. Individ er avhengige av kvarandre for å utvikla seg sjølv og bløma som menneske. Dygder er karaktertrekk som kjem til uttrykk igjennom vanemessig handling, og dei er nødvendige for å realisera eit lykkeleg liv (eudaimonia). Det å utføra ei handling krev at ein gjer det med rett haldning og kjensle, i rett tid, i rett situasjon og i rett monn. Eit individ som har dygd, har praktisk klokskap og situasjonsforståing, kalla fronesis. Dette får ein igjennom ei praktisk dømekraft igjennom erfaring, øving og gode vanar, kalla praxis.[1] Til dømes vert ingen fødd sjenerøse. Dygder må tileignast igjennom moralsk tileigning, der kjenslene samsvarar med fornufta. Det er moralsk rett å kjenna på sorg når ein har mist nokon, og kjenna på urettferd når noko er urettferdig. Gode venskap og førebilete er viktig for karakterdanninga si, og for å dyrka kjenslene i rett retning, framfor at ein kontrollerer dei. For eit menneske som har dygd, er det lett å gjera det rette, men for dårlege menneske vil dei ikkje kunne verta lykkeleg, då dei manglar dygd. Det å gjera det rette for frykt for straff eller vederlag er ikkje å ha dygd. Eit individ vert det ein gjer, og gode menneske vert gode når dei opparbeider gode vanar.

Platon meinte eit meritokrati var best for å styra eit samfunn, av di skolerte folk visste best. Aristoteles meinte derimot at ein kunne vera teoretisk klok (Sofos), utan å vera praktisk klok (Fronimos). Sofos gav ikkje innsikt i etiske og politiske spørsmål, dette kravde livserfaring og skjønn.

Lykke[endre | endre wikiteksten]

Den dygdsetiske tradisjonen definerer eudaimonia (lykke) som mogleiken til å nytta kroppen sin funksjon maksimalt, slik at livet kunne utfolda seg. Aristoteles meinte at alle individ hadde som mål å verta lykkelege. Eudaimonia var knytt til det å leva eit fullverdig liv i fellesskap med andre, der ein realiserte sitt menneskelege potensial til det fulle.[2] Ifylgje Aristoteles kravde lykke at ein hadde ei rekkje godar som helse, økonomi, barn, utsjånad, vener, osfr. Desse godane hadde ingen eigenverdi, men ein verdi som hjelpemiddel for å oppnå lykke.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Dygdsetikken seier ikkje konkret kva ein bør gjera i ein konkret situasjon, og gjev heller ikkje alltid svar på kva som er ei rett handling.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «It’s all Greek to me: The terms ‘praxis’ and ‘phronesis’ in environmental philosophy | Blog | Integration and Application Network», ian.umces.edu, henta 4. november 2022 
  2. Aanesen, Karl Henrik. «Dydsetikk» (på norsk bokmål). NDLA. 
  3. Sagdahl, Mathea Slåttholm (19. september 2022). «dydsetikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brown, E. & Granberg, A. (2012) Hva er et menneske? : en innføring i filosofiske spørsmål om menneskets natur. (utg.2) Bergen: Fagbokforlaget. ISBN 9788245007169 Kap. 12.1-12.4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]