Sokrates

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sokrates
Socrate du Louvre.jpg
Verkeleg namn Σωκράτης
Fødd 469 f.Kr.
Alopeke
Død

15. februar 399 f.Kr.
Aten

Yrke filosof, lærar, skribent
Sokrates på Commons

Sokrates (ca. 470 f.Kr.–7. mai 399 f.Kr.) var ein gresk tenkjar og filosof frå Aten. Han blir rekna som ein av grunnleggjane av vestleg filosofi. Sokrates vende filosofien vekk frå naturen og mot mennesket.[1]

Den viktigaste kjelda til informasjon om Sokrates var gjennom Platon. Sokrates skreiv aldri ned sine tankar eller idear sjølv,[2] men blei forfatta av Platon og Xenofon, som var to av Sokrates sine elevar. I Platons dialogar skildrar han Sokrates som ein lærar som avstår frå å ha elevar.

Sokrates var oppteken av å oppklåra uklårleik og finna definisjonar på omgrep gjennom filosofisk samtalekunst, ved å stilla spørsmål og oppklåra i dialog med andre menneske.

Sokrates møtte mykje motstand i Aten, hovudsakeleg fordi han kalla atenarar uvitande og tåpelege og kritiserte sterkt demokratiet, som atenarane elska. Han blei tiltala for blasfemi og for å forderva ungdomar.[3] Sokrates blei dermed dømd, og hadde mogelegheita til å leva i eksil eller møte opp i rettsaka der han skulle få dødsstraff ved å drikka frå giftbegeret. Han valte dødsstraff med grunngjevinga at det uutforska livet ikkje er verdt å leva.[4][5]

Etikk[endre | endre wikiteksten]

Sokrates meinte at dygd og viten var det same,[6] og at lykke hengjer saman med desse to omgrepa. Han meinte at lykke kom med innsikt i sitt eiget liv og sine val. Gjer ein det som er rett har ein lykke, dette får ein innsikt i om ein har kunnskap. Dersom ein ikkje har kunnskap, kan ein ikkje handla rett, ergo handlar ein umoralsk.[7]

Sokrates skilde òg mellom det å overtala og det å prova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fossheim, Hallvard (21. april 2022). «Sokrates». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Socrates | Biography, Philosophy, Method, Death, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. september 2022 
  3. «Why did Athens condemn Socrates to death? | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. september 2022 
  4. «Plato, Apology, section 38a», www.perseus.tufts.edu, henta 13. september 2022 
  5. «Why didn’t Socrates try to escape his death sentence? | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. september 2022 
  6. «Sokrates – græsk filosof | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 12. september 2022 
  7. Jan Erik Auen. «Sofistene og Sokrates: «Hva er det gode liv?»». 
Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.