Dygve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dygve eller Dyggvi var ein konge av Ynglingeætta, omtalt i Ynglingesoga av Snorre Sturlason og i diktet Ynglingatal, som berre er kjend frå den attgjevinga som finst i Ynglingesoga. Dygve vert i vår tid rekna som ein mytisk konge, altså ein oppdikta person i ei oppdikta kongerekke, ettersom det er uvisst om han og hans ættlingar har levd.

Dyggve var son av Domarr og Drott, dotter til kong Danp, son av Rig, «den første som var kalla konge på dansk mål». Etter Snorre Sturlason var Dygve den første som nytta kongetittel i Svitjod. Før denne tida var dei kalla drottar. Drott, mor av Dygve, var søster til kong Dan den storlåtne, som Snorre meiner Danmark har namnet sitt frå.

Ynglingatal seier:

Ved haugen hans Dygve
Helhest-disi
gaman hev
og glede stor.
Ein skulle syster
til Ulv og Narve
av kongemennar
kåra til dauden.
med einvaldskongen
yvi Yngve-folket
dotter hans Loke
leika hardt.

Den eldste Noregshistoria har ikkje stort å seia om Dygve, anna enn at han døydde i Svitjod. Tolkar ein Ynglingatal, kan ein rekne seg til at Dygve døydde på sotteseng og ikkje i slag, og at Hel, dotter av Loke, gleda seg over å få han til seg (han kan då ha blitt gamal).