Dyre Vaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dyre Vaa

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1903
Kviteseid
Død

11. mai 1980 (77 år)
Rauland kommune

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Born Tor Vaa, Mariken Vaa
Dyre Vaa på Commons

Dyre Vaa (fødd 19. januar 1903 i Kviteseid, død 11. mai 1980 i Rauland) var ein norsk bilethoggar. Han utførte fleire titals offentlege skulpturar og monument, var ein iherdig målar og teiknar, ein ivrig skribent og debattant og heldt nære band til familien sin. I 1930-åra var han sett på som den fremste av dei yngre bilethoggarane i landet, og fleire av skulpturane hans er omtykte innslag i ymse lokalmiljø.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Vaa voks opp som den yngste av fem sysken i ein velståande heim i Kviteseid. Faren dreiv gard, hadde ein spinnerifabrikk, omsette eigedom og tømmer og vart ein av dei største skogeigarane i Telemark. I 1917 gav han opp gardsdrifta og flytta med familien til Kristiania. Dyre Vaa tok middelskoleeksamen som privatist same år og examen artium ved Kristiania katedralskole 1920.


Faren opplevde konkurs kort tid etter, og familien vart splitta som følgje av dette. Takka vera økonomisk stønad frå ein onkel kunne Dyre Vaa byggje vidare på interessa si som skulptør. Han fekk våren 1922 korrektur av Gunnar Utsond og gjekk Statens kunstakademi under Wilhelm Rasmussen 1922–23. I 1923 vitja han Paris, Roma og Athen, men fekk ikkje realisert planen om å kome inn som elev ved Antoine Bourdelle, noko fleire av kollegene hans var. Vaa fekk eit kunstnerisk gjennombrot då portretthovudet Ivar Tveiten som var vist fram på haustutstillinga vart kjøpt inn av Nasjonalgalleriet. Han vart vidare namngjeten med Hannulv og Hunnulv til Ila-trappa i Oslo, eit verk som sameinar anekdotisk handling og formsikker stilisering.

Då Vaa tok imot sitt fjerde stipend i 1926, kjente han seg klar for å gjera kur til Thora Bojer. Dei gifta seg i 1927 og brukte restmidla på bryllaupsreise til Frankrike og Storbritannia. Paret vart busette i Oslo fram til 1935, då dei reiste til Rauland i Telemark og bygde seg eit eige hus på Sporanes. Dei fekk til saman seks born, og hustrua stod modell for Vaa og var hans kritikar, reisefylgje og viktigaste støttespelar.

Dyre Vaa fekk i 1951 Kongens fortenestmedalje i gull. I 1969 fekk han gullmedalje frå Nidaros domkyrkje og same år vart han nemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 1973 fekk han Telemark fylkestings æreslønn. Vaa gav i 1964 verka sine til Vinje kommune, der dei utgjorde fundamentet for opninga av Dyre Vaa-samlingane i 1981.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Trykte verk[endre | endre wikiteksten]

  • Brandes um Michelangelo, særtrykk av SogS 1921
  • Litt om skulptur: Inntrykk fra utstillingen i Göteborg, i Ku&K 1923, s. 128–164
  • Rolf Lunde, 1948
  • Kunst eller –?, 1963
  • Torleiv Stadskleiv, 1967
  • Gomoll jord, i Det første halvsekel. Bilder fra norsk barndom, 1974
  • Ei rekkje artiklar om kunst og kunstnarar i Ku&K, SogS, Samtiden m.fl

Ymse[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Tveiten, bronsehovud, 1925, NG
  • Hannulv og Hunnulv, bronse, 1930, Ila-trappen, Oslo
  • St. Clemens, klebersteinsstatue, 1933, Domkyrkja i Trondheim
  • Peer Gynt på reinsdyret, Veslefrikk med fela, Kari Trestakk og Kvitebjørn Kong Valemon, Ankerbroen, Oslo, 1933–36
  • Førstepremie (1934, bronse, p.e.)
  • Johan Bojer, bronsehovud, 1934, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo
  • Ludvig Holberg-monumentet, bronse, 1937, ved Nationaltheatret, Oslo
  • Sjømannsmonumentet, bronse og granitt, 1939–50, Torgallmenningen, Bergen
  • Svanegruppe, fontene, forgylt bronse og granitt, 1949, Borggården, Oslo Rådhus
  • Rallaren, bronse, 1950, Furuheimparken, Notodden (avduka 1965)
  • Kronprinsesse Märtha, bronsestatue, 1957, ved Asker kirke (avduka 1969)
  • Piberen i Viken, bronse, 1972, Øvre Vollgate, Oslo
  • Aasmund Olavsson Vinje, bronsestatue, 1968, Sogn Studentby, Oslo

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Dyre Vaa – utdypning (NBL-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]