Dyrka mark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rismark i Laos

Dyrka mark er land brukt til jordbruk. Det kan visa til fulldyrka jord, det vil seia jord som er eller kan bli pløya, overflatedyrka jord som er rydda og jaman, eller innmarksbeite.[1]

I nokre land er bruken av dyrka mark regulert av lovverket. Den norske jordlova seier til dømes at «Jordbruksareal skal drivast.»[2] Jorda kan ikkje brukast til noko anna enn jordbruk, eller brukast slik at ho ikkje blir dyrkbar meir, utan dispensasjon.[2]

Dyrka landareal i verda[endre | endre wikiteksten]

Verdskart som syner kva prosent dyrka mark ulike land har (tal frå 2006)[3]

I Noreg er rundt tre prosent av det totale landarealet dyrka mark (noko over 8 millionar dekar i 2015). I Danmark er derimot 66 prosent av landarealet dyrka mark.[4]

Ifølgje SN-organisasjonen Food and Agriculture Organization er 1 407 M hektar av eit totalt landareal på 4 924 M hektar brukt til dyrking (tal frå 2013).[5]

Dyrkbart land (1000 km2)[5][6]
Rangering Land eller region 2008 2009 2010 2011 2012
Verda 13 866 13 873 13 880 13 962 13 958
1 Flag of India.svg India 1 579 1 578 1 575 1 574 1 562
2 Flag of the United States.svg USA 1 631 1 605 1 598 1 602 1 551
3 Flag of Russia.svg Russland 1 216 1 218 1 200 1 215 1 197
Flag of Europe.svg EU 1 091 1 089 1 074 1 074 1 083
4 Flag of the People's Republic of China.svg Kina 1 086 1 100 1 114 1 116 1 065
5 Flag of Brazil.svg Brasil 702 704 703 719 726
6 Flag of Australia.svg Australia 440 475 426 477 471
7 Flag of Canada.svg Canada 443 438 434 430 459
8 Flag of Argentina.svg Argentina 351 338 372 380 392
9 Flag of Nigeria.svg Nigeria 370 340 360 360 350
10 Flag of Ukraine.svg Ukraina 325 325 325 325 325

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jordressurser; dyrka mark og skog» (PDF). ostfoldfk.no. 
  2. 2,0 2,1 «Lov om jord (jordlova) - Lovdata», lovdata.no, henta 2018-12-05 
  3. Definisjonen i detter kartet er henta frå amerikanske CIA, og viser til land der ein dyrkar avlingar som kveit, mais, ris og liknande som blur sådde att etter kvar innhausting
  4. «Jordvern - Norges Bondelag», www.bondelaget.no (på norsk), henta 2018-12-05 
  5. 5,0 5,1 «FAOSTAT Land Use module». Food and Agriculture Organization. Arkivert frå originalen den 16. august 2016. Henta 8. juli 2016. 
  6. «Arable Land Area». The Helgi Library. Arkivert frå originalen den 5. juli 2014. Henta 22. februar 2014.