Dørvær
Utsjånad
Dørvær | |
---|---|
Dærvær sett sørfrå | |
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°33′11″N 12°14′34″E / 66.55306°N 12.24278°E
|
Høgaste punkt | Dørværtinden (128 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Dørvær eller Dørværet er ei øygruppe i Træna kommune på Helgelandskysten. Øygruppa har eit titals øyar og holmar, dei største er Buøya, Ørkja, Nordskarven, Dørværøya, Torvøya, Bukkøya og Geitøya. Dørværtinden på Buøya når 128 moh. Rundt øygruppa ligg det mange skjer.
Dørvær ligg på polarsirkelen, og er den øygruppa i Træna som ligg nærast land. Øygruppa var tidlegare folkesett, men den siste innbyggjaren forlet øya på 1990-talet.
Øynamnet har truleg opphav i eit ord for fiskestim (dyrgja), eller kanskje i ordet dorg[1].