EM i fotball 1984 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i fotball 1984 for kvinner var den fyrste europameisterskapen i fotball for kvinner. Sverige vart europameister etter straffesparktevling.

Etter eit kvalifiseringsspel med 16 deltakarland à fire grupper, møttest dei fire gruppevinnarane til sjølve europameisterskapen. Meisterskapen vart avvikla i tida 8. april–27. mai 1984 med heime- og bortekampar, i semifinalane så vel som i finalen. Sverige tok seg til finale gjennom to eittmålssigrar (3-2 og 2-1) mot Italia, til saman 5-3, medan England vann med 3-1 mot Danmark, også det etter to eittmålssigrar (2-1 og 1-0).

Dei to finalekampane mellom Sverige og England enda begge med heimesiger 1-0. Dermed vart turneringa avgjort med ei straffesparktevling. Framfor 2 567 tilskodarar på Kenilworth Road i Luton mislukkast to av dei fem engelske eksekutørane og den tredje av dei svenske straffeskytarane. Så då toppskåraren i meisterskapen, Pia Sundhage, som den femte og siste av dei oppsette eksekutørane fann nettet med sitt skot, ja, då kunne dei svenske «tjejorna» juble som europameistrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]