Fotball-EM 1997

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen i fotball 1997 var den sjuande europameisterskapen i fotball for kvinner. Tyskland vart europameister etter finalesiger 2-0 mot Italia 12. juli 1997 i Oslo.

Meisterskapsturneringa vart arrangert i Noreg og Sverige i tida 29. juni til 12. juli 1997. Dei åtte deltakarlanda var delt i to grupper; gruppe A med Sverige spelte kampane i Karlstad og Karlskoga, medan gruppe B med Noreg spelte kampane i Moss og på Lillestrøm. Sverige vart gruppevinnar med tre strake sigrar, Spania kneip den andre semifinaleplassen i gruppa framfor Frankrike og Russland vart desidert sist. Italia vann gruppe B framfor Tyskland, med Noreg på tredje- og Danmark fjerdeplass. Noreg vann etter tur 5-0 mot Danmark, spelte uavgjort 0-0 mot Tyskland og tapte 0-2 mot Italia. I semifinalane vann Tyskland 1-0 over Sverige og Italia 2-1 over Spania.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart spelt på Ullevaal stadion i Oslo om kvelden 12. juli 1997 framfor 2 221 tilskodarar. Sandra Minnert skåra for Tyskland i det 23. minutt og Birgit Prinz la på til 2-0 i det 50. minutt, utan at Italia klarte å kvittere i målprotokollen. Det var fjerde gongen Tyskland vann fotball-EM for kvinner.

For fyrste gong dømde ei kvinne EM-finalen, Gitte Lyngo Nielsen frå Danmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]