ESO 550-2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av ESO 550-2.

ESO 550-2 eller ESO 550-IG02 er eit par av vekselverkande spiralgalaksar som ligg rundt 400 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Floda.

Den eine galaksen i ESO 550-2 er større, og har fått den eine spiralarmen deformert grunna tidevasspåverknad frå den mindre galaksen. Sterk stjernedanning føregår i den deformerte spiralarmen og i ein ringstruktur rund kjernen til galaksen. Begge galaksane er omgjevne av gløden frå svakt skinande stjerner og interstellart materie som har blitt spreidd i rommet grunna gravitasjonspåverknaden frå ein tredje galakse i nærleiken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]