Vekselverkande galakse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei vekselverkande galaksane Arp 147.

Vekselverkande galaksar er par eller grupper av galaksar som har blitt deformerte grunna gravitasjonell vekselverknad mellom dei. Vekselverknadane kan føra til at galaksane til slutt blir slegne saman til éin. Dei fører òg gjerne til at lange tidevasshalar av gass og stjerner blir dregne ut av galaksane. Delar av tidevasshalane kan med tida klumpa seg saman og danna dverggalaksar. Ein reknar med at galaksevekselverknad fører til eksplosiv stjernedanning i involverte galaksar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: vekselverkande galaksar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «interacting galaxies» s. 199 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.