Echo av Iru Khetsjanovi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Echo»
Song av Iru Khetsjanovi

Land Georgia
Språk Engelsk
Utgjeve 16. mars 2023
Sjanger Elektropop, etnopop
Lengd 03:02
Selskap Giga Studio Production
Låtskrivar(ar) Giorgi Kukhianidze, Beni Kadagidze, Iru Khetsjanovi

«Echo» (norsk omsetjing ‘ekko’) er ein song frå 2023 med den georgiske songaren Iru Khetsjanovi. Songen blei gjeven ut i mars 2023 og var det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Echo» er skriven av det georgiske låtskrivarteamet Giorgi Kukhianidze, Beni Kadagidze og Iru Khetsjanovi. Sistnemnde framfører også låten.

Khetsjanovi vann 2. februar 2023 den femte sesongen av The Voice Georgia, og ho sikra seg med det retten til å representere Georgia i Eurovision Song Contest 2023.[1]

Etter finalen valde Khetsjanovi i samråd med den georgiske kringkastaren GPB «Echo» som bidrag til Eurovision. Låten blei offentleggjord 16. mars, som den siste av dei 37 bidraga til tevlinga dette året.[2] Songen handlar om kjærleik: «Ekko er mi indre røyst og ei manifestering av kjærleik og fred», sa artisten i ei pressemelding då songen blei sloppen.[2] Songen kombinerer element av georgisk folkesong med moderne popmusikk.[3]

Musikkvideoen til «Echo» blei sloppen 16. mars og er regissert av Zaza Orasjvili. Produksjonsdesignar var Sjako Popiasjvili, mens Marika Kurdubadze kreerte kostyma. Giorgi Toriasjvili stod bak koreografien i videoen.[2]

Georgia deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Echo» nummer 12 av 16 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[4][5] Dette var sjette året på rad at landet ikkje nådde ein Eurovision-finale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Georgia: Iru Khechanovi wins ticket to Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). 2. februar 2023. Henta 27. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Mamsikashvili, Rezo (16. mars 2023). «Lastbut not least: Georgia's IRU unveils her Eurovision 2023 song “Echo”». wiwibloggs (på engelsk). Henta 27. mars 2023. 
  3. Veen, Renske ten (26. mars 2023). «Georgia'sIru ready to overcome "difficult" challenges at Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). Henta 27. mars 2023. 
  4. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  5. «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.