Georgia i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georgia
EuroGeorgia.svg
Offisielt Georgia

GPB
Uttakingar
Nasjonalt 8
Internt 5
Deltaking
Debutår 2007
Deltakingar 13
Beste resultat
Semifinalen 3 (2010)
Finalen 9 (2010 og 2011)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2014 og 2018)
Finalen 20 (2016)
Poeng
Semifinalane 946
Finalane 631
Totalt 1 577

Georgia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007, då tevlinga vart arrangert i Helsingfors i Finland. Landet har delteke tolv gongar og har to niandeplassar som beste plassering i Eurovision Song Contest. Georgia har kvalifisert seg til finalen sju gongar på tretten forsøk og har to sisteplassar i semifinalen som dårlegaste plassering.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det er den georgiske kringkastaren Sakartvelos Sazogadoebrivi Mauts'q'ebeli (GPB) som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Georgia, og som vel det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest. Georgia debuterte i 2007 med Sopo Khalvasji og songen «Visionary Dream».

Fråværet i 2009[endre | endre wikiteksten]

Georgia har delteke kvart år sidan, med unntak av i 2009, då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva. På grunn av krigen i Sør-Ossetia i 2008 har det vore debatt i Georgia om landet i det heile tatt skulle deltake i Eurovision Song Contest i 2009.[2] 28. august 2008 annonserte den georgiske kringkastaren GPB at Georgia ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest i 2009, med grunngjevinga av at dei ikkje ønsket å deltake i eit «land som bryt med menneskerettar og internasjonale lovar».[3] Men, i desember 2008 ombestemte kringkastaren seg, og Georgia melde seg likevel på tevlinga i Moskva. I den nasjonale finalen 18. februar 2009 vann popgruppa Stephane & 3G med discolåten «We Don't Wanna Put In». Men songen vart raskt ganske kontroversiell, ikkje minst fordi «Put In» var ein openberr referanse til den dåverande presidenten i Russland, Vladimir Putin. Russland protesterte mot teksta og fekk medhald frå Den europeiske kringkastingsunionen, som bad GPB om å endre teksta eller å velje ein annan song. 11. mars kunngjorde GPB at dei ikkje ville endre teksta og meinte kravet frå EBU kom som ei følgje av russisk press. Dimed trekte Georgia seg frå Eurovision Song Contest 2009.[4]

Tilbake i 2010[endre | endre wikiteksten]

Året etter, i Bærum, var Georgia tilbake i Eurovision Song Contest og fekk ein niendeplass med Sopo Nisharadse. Ho deltok med songen «Shine», med tekst skriven av norske Hanne Sørvaag.

Ein ny niandeplass fulgte i Düsseldorf året etter, men sidan 2012 har Georgia hatt varierande resultat i tevlinga. Fem gongar har landet ikkje klart å kvalifisere seg til finalen. To av dei gongane har dei hamna på sisteplass i semifinalen.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
2007 Sopo Khalvasji «Visionary Dream» Engelsk 97 12 123 8
2008 Diana Gurtskaja «Peace Will Come» Engelsk 83 11 107 5
2009 Stephane & 3G «We Don't Wanna Put In» Engelsk Trekt
2010 Sopo Nisharadse «Shine» Engelsk 136 9 106 3
2011 Eldrine «One More Day» Engelsk 110 9 74 6
2012 Anri Jokhadse «I'm a Joker» Engelsk og georgisk Ikkje kvalifisert 36 14
2013 Sopo Gelovani og Nodiko Tatisjvili «Waterfall» Engelsk 50 15 63 10
2014 The Shin og Mariko «Three Minutes to Earth» Engelsk Ikkje kvalifisert 15 15
2015 Nina Sublatti «Warrior» Engelsk 51 11 98 4
2016 Nika Kotsjarov og Young Georgian Lolitaz «Midnight Gold» Engelsk 104 20 123 9
2017 Tamara Gatsjetsjiladse «Keep the Faith» Engelsk Ikkje kvalifisert 99 11
2018 Ethno-Jazz Band Iriao «For You» Georgisk 24 18
2019 Oto Nemsadze «Keep on Going» Georgisk 62 14
2020 Tornike Kipiani «Take Me As I Am» Engelsk Avlyst
2021 Tornike Kipiani «You» Engelsk Ikkje kvalifisert 16 16

Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Georgia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Aserbajdsjan 116
02 Ukraina 104
03 Armenia 93
04 Russland 63
05 Litauen 60

Georgia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Armenia 75
02 Litauen 69
03 Ukraina 51
04 Russland 45
05 Aserbajdsjan 43

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Georgia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Ukraina 66
02 Aserbajdsjan 58
03 Kviterussland 56
04 Armenia 53
05 Litauen 52

Georgia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Litauen 78
02 Armenia 66
03 Ukraina 64
04 Kviterussland 54
05 Hellas 51

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Georgia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 10. desember 2016. 
  2. Economou, Thanasis (2008-08-11): «Georgian participation in Eurovision 2009 now questioned» Arkivert 6. februar 2010 på Wayback Machine.. Oikotimes.
  3. «Georgian broadcaster confirms Eurovision boycott». ESCKaz. 28. august 2008
  4. Sarah Marcus (11. mars 2009). «Georgia pulls out of Eurovision after controversial song is banned». The Telegraph. Henta 10. desember 2016. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]