Eda glasmuseum
Eda glasmuseum er eit museum i Eda i Värmland i Sverige. Det vart innvigd i 2000 av Gudrun Wahlqvist frå Statens kulturråd. Museet vart grunnlagd av Eda Glasbruksförening. Det held til i det som ei gong var Folkets Hus på Eda glasbruk. Bygget er teikna av Ludvig Matsson og stod ferdig i 1927.
Museet har ei permanent utstilling som syner glas produsert ved Eda glasbruk frå heile perioden det var drift ved bruket, 1835-1953. I tillegg har dei ymse spesialutstillingar.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Eda glasmuseum» frå Wikipedia på svensk, den 23. oktober 2011.