Eddystone Rocks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eddystone Rocks
skjer
Land  Storbritannia
Kart
Eddystone Rocks
50°10′51″ N 4°15′58″ W
Wikimedia Commons: Eddystone Rocks, Devon

Eddystone eller Eddystone Rocks er ei gruppe skjer om lag 14 km sørvest for Rame Head i Cornwall i England. Skjera var tidlegare ein fare for skipsfarten ved innløpet til Den engelske kanalen og hamnebyen Plymouth og fleire fyr har derfor stått her.[1][2]

Eddystone med det noverande fyret og restar av det tidlegare tårnet.

Sjølv om skjera ligg nærare fastlandet i Cornwall, høyrer skjera til Plymouth og såleis grevskapet Devon.[1]

Det har stått fire fyr på Eddystone Rocks. Den tradisjonelle sjantien «The Eddystone Light» omhandlar eit fiktiv møte mellom fyrvaktaren og ei havfrue og har vorte spelt inn av The Seekers, the Weavers og Peter Paul and Mary.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Get A Map». Ordnance Survey. Arkivert frå originalen 9. juni 2021. Henta 23. januar 2010. 
  2. «Eddystone Lighthouse». Trinity House. Arkivert frå originalen 9. september 2006. Henta 23. januar 2010. 

Koordinatar: 50°10.80′N 04°15.90′W