Sjanti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein sjanti (av det franske ordet «chanter», «å synge») var arbeidssongarseglskuter. Enkelte meiner at det har vorte sunge sjantiar så tidleg som på 1400-talet, men det finst lite som støttar opp om dette. Sjantiane som er samla og har overlevd kjem frå 1800-talet og fram til dampskipa tok over på første halvdel av 1900-talet.

Opphav til songane[endre | endre wikiteksten]

I dagane då menneskekraft var den einaste kraftkjelda om bord på skip hadde sjantiane eit praktisk føremål. Rytmen i songane gjorde at sjømennene kunne hale og dra samstundes. I tillegg hadde dei eit sosialt føremål. Det var behageleg å synge og lytte til songar, det gjorde tilværet mindre keisamt, og det gjorde det harde arbeidet, som det var mykje av på lange reiser, lettare.

Dei fleste sjantiar er call and response-songar (kall og svar) med ein forsangar (sjantimannen) som syng ei linje og alle sjømennene som i kor brøler ut svaret. Eit døme er sjantien «Boney»:

Sjantimann: Boney was a warrior,
Alle: Way, hey, ya!
Sjantimann: A warrior and a tarrier,
Alle: Jean-François!

Når ein song ein slik song drog alle sjømennene i tauet samstundes på den siste tonen i kvart svar.

Musikalsk kjem sjantiane frå fleire stader. «Spanish Ladies» er ein galliard (populær rundt 1600), songar som «Fire Marengo» høyrest ut som vestafrikanske arbeidssongar, og andre var tilpassa folkemusikk eller polkaer og valsar frå 1800-talet.

Kategoriar[endre | endre wikiteksten]

Sjantiar kan delast inn i fleire kategoriar:

  • Halesjanti: Sungen når ein skulle hale eit tau over langt tid, som å heise mersseglet. Vanlegvis var det to drag per refreng som i Way, hey, Blow the man down! Døme: «Hanging Johnny», «Blow the Man Down».
  • Rykkesjanti: Sungen når ein skulle hale eit tau over kort tid, men med stor kraft. Desse har ofte eit kraftig rykk i kvart refreng som i «Way, haul away, haul away Joe!». Døme: «Boney» og «Haul on the Bowline».
  • Gangspelsjanti: Å heve anker på eit skip omfatta å vikle tauet langs ein stor vinsj som sjømennene skubba i ring. Gangspelsjantiane er sjantiar nytta under heving av anker. Dei er typisk «jamnare» enn dei andre sjantiane sidan ein ikkje trengde å rykke. Dei har ofte heile refreng i tillegg til kall-og-svar-vers. Døme: «Santianna», «Paddy Lay Back», «Rio Grande», «South Australia», «John Brown's Body».
  • Walkawaysjanti: vart berre nytta på skip med store mannskap. Mange hender tok tak i tauet med ryggen mot der tauet nådde dekket ovanfrå og marsjerte langs dekket medan dei song og trampa i takt. Alternativt kunen mange menn danne ein sirkel der dei marsjerte langs tauet, slapp enden og marsjerte attende til den andre enden av tauet og tok eit nytt tak. Desse songane har typisk lengre refreng enn dei andre sjantiane. Døme «Drunken Sailor», «Roll the Old Chariot», «Danse Polka».
  • Pumpesjanti: Alle skip lak, og det var særleg i lasteromma at det kom inn vatn. Dette måte pumpast ut ofte og som regel gjort med ei tomannspumpe. Mange pumpesjantiar var òg gangspelsjantiar og omvendt. Døme: «Strike The Bell», «Shallow Brown», «Barnacle Bill the Sailor», «Lowlands».
Sjømenn syng frivaktsviser. 1800-talet.
  • Frivaktsviser: Sjantiar er arbeidssongar og vart berre sunge når ein arbeidde. Sjømennene song deriomt òg for moro når dei hadde fri. Døme «Spanish Ladies» og «Rolling Down to Old Maui».

Kategoriane over er ikkje absolutte. Sjømennene kunne ta songar frå ein kategori og tilpassa rytmen til andre arbeidsoppgåver. Den einaste regelen dei nesten alltid følgde var at songane som omhandla det å kome heim att berre vart sunge når ein var på veg heimover, og songar om gleda ved å reise og liknande berre vart sunge på veg heimefrå. Andre songar var særs spesifikke. «Poor Old Man» (òg kalla «Poor Old Horse» eller «The Dead Horse») vart sunge då sjømennene hadde brukt opp forskotet sitt («horse») etter ein månad eller der omkring ut i reisa.«Leave Her, Johnny Leave Her» (òg kalla «Time for Us to Leave Her») vart berre sunge siste gongen skipet vart pumpa før det la til kai og reisa var over.

Sjantimannen[endre | endre wikiteksten]

Sjantimannen var sjømannens som var forsongaren om bord. Han var vanlegvis sjølvutpeikt. Ei sjømann mønstra vanlegvis ikkje om bord som sjantimann, men tok på seg denne rolla i tillegg til dei andre oppgåvene sine på skipet. Likevel var gode sjantimenn rekna som verdifulle og respekterte.

Sjantiar i dag[endre | endre wikiteksten]

Eit gangspelmannskap

Tidlegare vart ikkje sjantiar sunge på land. I dag vert dei framført som populærmusikk. Sjantikor er populære i Europa, særleg i Polen og Nederland, men òg i Tyskland og Noreg. I Noreg har ein mellom anna Storm Weather Shanty Choir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Sea shanty» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Doerflinger, William Main, Songs of the Sailor og Lumberman. maierbooks, Glenwood, 1990.
    • Harlow, Frederick Pease, Chanteying Aboard American Ships. Mystic Seaport Museum, Mystic. 2004.
    • Hugill, Stan, Shanties og Sailor's Songs. Frederick A. Praeger, New York, 1969
    • Hugill, Stan, Shanties from the Seven Seas. Mystic Seaport Museum, Mystic, 1994.
    • Proctor, David, Music of the Sea. HMSO, London, 1992.
    • Davids, C. A., & Aalbers, B. H. Wat lijdt den zeeman al verdriet: het Nederlandse zeemanslied in de zeiltijd, 1600-1900. The Hague, 1980.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]