The Weavers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pete Seeger 2009

The Weavers var ei amerikansk folkemusikkgruppe som vart danna i New York i 1948. Gruppa bestod opphavleg av Ronnie Gilbert (fødd 1926), Lee Hays (1914–1981), Fred Hellerman (fødd 1927) og Pete Seeger (fødd 1919). Dei framførte populære versjonar av tradisjonelle folkeviser og balladar, blues-, gospel-, barne- og arbeidarsongar. The Weavers innleidde den kommersielle trenden for folkesong og balladar på 1950- og 1960-talet og påverka fleire tilsvarande grupper, blant andre The Kingston Trio og Peter, Paul and Mary.

The Weavers vart svartelista av antikommunistane og Joseph McCarthy for det politisk radikale songrepertoaret sitt, og gruppa vart oppløyst i 1952. Ho vart gjenforent til ei innspeling i konserthuset Carnegie Hall i New York tre år seinare og gjorde på nytt suksess. Seeger forlét gruppa i 1958 til fordel for sin eigen karriere som soloartist, og vart erstatta av Erik Darling (fødd 1933).

Siste gong gruppa kom saman, var i 1980, då dei gjorde eit par innspelingar i Carnegie Hall. Året etter døydde Hays, og The Weavers har ikkje spelt saman sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]