Edikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fragment av keisar Diokletian sitt edikt om maksimalprisar frå 301

Edikt kjem av latinsk edictum som tyder offentleg kunngjering. Romerske embetsmenn hadde rett til å offentleggjere dei retningslinjer og reglar som dei ønskte å legge til grunn for utøvinga av embetet sitt. Særleg viktig var edikta til pretorane, som var kunngjeringa om kva reglar han ville følgje som leiar for rettsvesenet i embetsåret sitt. Det vart gjort kjend på førehand ved opplesing og oppslag. Pretor kunne som domar ikkje berre gjere bruk av gjeldande rett, han hadde òg makt til å «hjelpe, supplere og korrigere» denne, og øvde på den måten stor innverknad på utviklinga av den romerske privatretten.

I nyare historie vart òg somme forordningar av meir alminneleg innhald kalla edikt, som det evige ediktet eller ediktet i Nantes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]