Edith Thallaug
Edith Thallaug | |||
Fødd | 16. juni 1929 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bærum kommune | ||
Død | 7. juni 2020 (90 år) | ||
Dødsstad | Stockholm | ||
Alias | Edith Rolfsen | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1959–2020 | ||
Sjanger | opera | ||
Verka som | skodespelar, operasongar, skribent | ||
Prisar | Litteris et Artibus, Griegprisen |
Edith Thora Thallaug (16. juni 1929–7. juni 2020),[1][2], også omtala som Edith Thallaug-Benczy, var ein norsk songar (mezzosopran), skodespelar og krimforfattar.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Edith Thallaug var dotter av songaren Rolf Thallaug (1903–1991) og kona hans Marta Marie Halvorsen (1900–1987).[3] Ho var systera til artisten og skodespelaren Anita Thallaug.[4]
Virke
[endre | endre wikiteksten]Thallaug byrja karriereen som skodespelar ved Studioteatret og Nationaltheatret. Som songar blei ho fyrst tilsett ved Gøteborgoperaen i 1960. Frå 1964 var ho tilknytt Stockholmsoperaen. Ho blei utnemnd som hovsångerska i 1976.[5] I Stockholm hadde ho store roller som Carmen, Octavian i Rosenkavaleren og Amneris i Aida. På Den Norske Opera spela ho Askepott av Rossini og song også i Rosenkavaleren, Aida, Carmen og Hertug Blåskjegg. I 1959 heldt ho sin fyrste liederaften i Oslo. Sidan hadde Thallaug gjestespel ved Glyndebourneoperaen, Edinburgh-festivalen, La Fenice og La Scala, og heldt konsertar i USA, Russland, Korea, Israel og Japan.[6] Ho medverka også i fleire TV-førestillingar og plateinnspelingar.
Under pseudonymet «Edith Rolfsen» gav Thallaug i 1950 ut kriminalromanen Den myrdede lever.[7]
Thallaug var gift fleire gongar. Først med fiolinist og konsertmeister Bjarne Gullov Larsen (1922–2002), deretter med songar og regissør Ulf Björkegren og endeleg med fiolinist og konsertmeister Josef Benczy (fødd 1930).[3]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1971/1972 – Mottakar av Musikkritikerprisen
- 1976 – Utnemnd til svensk hoffsongar («hovsångare»)
- 1977 – Mottakar av Griegprisen
- 1983 – Mottakar av den svenske utmerkinga Litteris et Artibus
- 1983 – utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Edith Thallaug-Benczy». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 8. juni 2020. Henta 8. juni 2020.
- ↑ «Operasångaren Edith Thallaug-Benczy är död». SVT Nyheter (på svensk). 8. juni 2020. Henta 8. juni 2020.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Edith Thallaug», Norsk biografisk leksikon. Lest 14. juni 2020.
- ↑ «Anita Thallaug». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 26. februar 2020. Henta 8. juni 2020.
- ↑ Stiftelsen Kungliga Theatern, internettside Arkivert 2014-12-14 ved Wayback Machine. besøkt 10. desember 2014
- ↑ Ole Böhn: Edith Thallaug - Minneord i Aftenposten 25. juni 2020
- ↑ Kolstad, Stener (1981). Norsk anonym- og psevdonymleksikon. Kunnskapsforlaget. s. 39. ISBN 8257301582.
- Denne artikkelen bygger på «Edith Thallaug» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Edith Thallaug hos Norsk Biografisk Leksikon
- Edith Thallaug hos Nationaltheatret
- Edith Thallaug hos Svensk Filmdatabas
- Edith Thallaug hos Discogs
- Edith Thallaug hos MusicBrainz
- Edith Thallaug hos Rockipedia
- Edith Thallaug hos Internet Movie Database
- Edith Thallaug hos The Movie Database
- Edith Thallaug hos Operasolisterna