Edmund Bruggmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edmund Bruggmann
Edmund Bruggmann 1969.jpg
Fødd 15. april 1943
Flums
Død

11. juni 2014
Walenstadt

Yrke alpinist

Edmund Bruggmann (15. april 19439. juni 2014)[1] frå Flums var ein sveitsisk skirennar og seinare hotelldrivar i Flums. Han vann sølvmedaljen i storslalåm under vinter-OL 1972 i Sapporo. I verdscupen i alpint kom han same OL-sesongen på tredjeplass samanlagt.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bruggmann slo seg inn i verdseliten først i 1968. Året før hadde han som best ein niandeplass i verdscupen. Til vinter-OL 1968 i Grenoble fekk han plass i den sveitsiske OL-troppen. I olympiaden vart han høvesvis nummer 10 og 12 i utfor og storslalåm. I storslalåmcupen av verdscupen 1968 kom han på andreplass. Under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina vart han nummer fem i den alpine kombinasjonen, men i spesialøvingane var han som best nummer 12 i utfor. Sitt beste resultat i eit internasjonalt meisterskap oppnådde han under vinter-OL 1972. Han kom då på sølvplassen i storslalåmtevlinga, men var over sekundet bak olympiameisteren Gustav Thöni frå Italia. I slalåmtevlinga hamna han på åttandeplassen.

Gjennom åra han deltok i verdscupen vann Bruggmann fem renn. I tillegg kom han fem gongar på andreplass og fire gongar på tredjeplass. Verdscupen i alpint 1972 kom han på tredje plass i verdscupen, bak verdseinaren Gustav Thöni og Henri Duvillard frå Frankrike. Som i 1968 kom han på andreplassen i storslalåmcupen.

Sesongane 1973 og 1974 klarte han sjeldan å markere seg i alpinløypa, ein femteplass i storslalåm i Val-d'Isère på innleiinga av 1973/74-sesongen var hans beste resultat. Bruggmann la opp i 1974.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
4. januar 1968 Bad Hindelang Tyskland Storslalåm
17. februar 1969 Kranjska Gora Jugoslavia Slalåm
5. januar 1971 Berchtesgaden Tyskland Storslalåm
16. mars 1972 Gherdëina Italia Storslalåm
19. mars 1972 Pra-Loup Frankrike Storslalåm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Edy Bruggmann verstorben., skiclubskiclub-flumserberg.ch, 12. juni 2014.