Edmund Fjærvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edmund Fjærvoll
Fødd 20. mars 1910
Død

15. januar 1975

Yrke politikar

Edmund Konvall Fjærvoll (20. mars 191015. januar 1975) var ein gardbrukar og politikar frå Bø i Nordland. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget i to periodar. Han var far til Dag Jostein Fjærvoll.

Fjærvoll var son til ein gardbrukar og var sjølv gardbrukar frå 1930. Seinare var han frå 1953 distriktssjef i livsforsikringsselskapet Samvirke. Han eigde Hotell Vesterålen i åra 1968-75.

Frå 1952 til 1975 var Fjærvoll kommunestyremedlem i Hadsel, ordførar 1960-61 og 1964-67. Hausten 1961 vart han vald til stortingsrepresentant frå Nordland på ei fellesliste. Den neste perioden var han av same grunn vararepresentant. I 1969 kom han tilbake på Tinget og sat som representant for Kristeleg Folkeparti i fire år. Begge tingbolkane var han medlem i Administrasjonskomiteen. Han var elles medlem i landsstyret i Den indre sjømannsmisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]