Dag Jostein Fjærvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dag Jostein Fjærvoll
Fødd20. januar 1947
Hadsel
Død5. februar 2021 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
FarEdmund Fjærvoll
VervOrdførarar i Hadsel 1980-1985
FøregangarJohn Kristiansen
EtterfylgjarIngegjerd Solum

Dag Jostein Fjærvoll (20. januar 19475. februar 2021) var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han sat på Stortinget frå 1985 til 1997, innvald frå Nordland.

Dag Jostein Fjærvoll var statsråd og sjef for to departement i Regjeringa Bondevik I:

Før han blei rikspolitikar, var Fjærvoll ordførar i Hadsel kommune. Han var utdanna lærar frå Oslo lærerskole og har tilleggsutdanning i matematikk og rådgjevingsfag. Han var også lærar, undervisingsinspektør og rektor på Melbu skole. Fjærvoll var busett på Stokmarknes og etter den politiske karrieren var han arbeidande styreleiar for Vesterålen Høgskolesenter på Stokmarknes.

På Stortinget sat sat Fjærvoll to periodar i presidentskapen, høvesvis i Lagtinget og Odelstinget.

Far til Dag Jostein Fjærvoll, Edmund Fjærvoll, var stortingsrepresentant for Nordland KrF i to periodar, 1961–1965 og 1969–1973. Anne Orderud Paust var Fjærvoll sin sekretær då han var forsvarsminister.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]