Edvard VII av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvard VII av Storbritannia
Edward VII in coronation robes.jpg
Fødd9. november 1841
FødestadBuckingham Palace
Død6. mai 1910
DødsstadBuckingham Palace
FøregjengarVictoria I
EtterfølgjarGeorg V

Edvard VII (9. november 18416. mai 1910) engelsk Edward VII (Albert Edward) var den fyrste britiske monarken av fyrstehuset Saxen-Coburg-Gotha. I tillegg til å vera konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, og britiske oversjøiske koloniar, var han og keisar av Britisk India. Han regjerte frå då mor hans, Victoria av Storbritannia, døydde den 22. januar 1901. Han var konge fram til han døydde den 6. mai 1910. Før han vart konge hadde han tittelen Prince of Wales (prins av Wales). Edvard er den som til no har vore kronprins i lengst tid i britisk og engelsk historie.

Edvard vart 3. oktober 1874 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.