Hopp til innhald

Edward Dicey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edward Dicey

StatsborgarskapDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd15. mai 1832
Leicestershire
Død

7. juli 1911 (79 år)
London

Yrkejournalist, skribent
Medlem avGray's Inn[*]
FarThomas Edward Dicey
MorAnne Mary Stephen
EktefelleAnne Greene Chapman
BornThomas Edward Dicey
Prisarfølgesvenn av Order of the Bath
Edward Dicey på Commons

Edward James Stephen Dicey (fødd 15. mai 1832 i Leicestershire, daud 7. juli 1911 i London) var ein engelsk skribent. Han var bror av juristen Albert Venn Dicey.

Dicey skreiv flittig politiske artiklar til dei store avisene. Han var lenge medarbeidar i Daily Telegraph, som han var spesialkorrespondent for i fleire land. Nokre månader i 1870 var han redaktør for Daily News og 1870—1889 utgjevar av Observer. Blant dei større verka hans Cavour, a memoir (1861), Rome in 1860 (same år),The Schleswig-Holstein war (1864), England and Egypt (1884), Bulgaria, the peasant state (1895) og The story of the khedivate (1902). Dicey var særleg rekna som ein autoritet på politiske tilhøve i Egypt.